Ubuntu er ekstra forsiktig

I Ubuntu 10.04 er det alltid eit ekstra spørsmål etter at du har valt å slå av, starte på nytt eller logge ut. Etter ei tid vart det litt irriterande. Eg har ikkje bruk for funksjonaliteten sidan maskina ikkje har nokon kritisk verdi i eit datasystem. Det tok ikkje lenge før eg fann korleis dette skulle fjernast:

  1. Trykk Alt og F2 samstundes,
  2. Skriv inn gconf-editor,
  3. Naviger til undermenyen apps –> indicator-session
  4. Dobbelklikk på lina suppress_logout_restart_shutdown
  5. Endre verien Verdi frå Usann til Sann

Ubuntu og skjermlayout

Ubuntu 10.04 LTS er prega av Apple Mac sitt operativsystem ved at dei har endra layout på kor du finn knappane for mininimering, maksimering og lukking. I standard installert Ubuntu 10.04 LTS er knappane på venstre side på toppen av eit vindauge. For ein som ikkje brukar Mac er det uvant å ha det slik, men det er enkelt å rette på slik at ein får ein layout som er slik som Windows, utan å skifte tema/utsjånad:

Her er det du gjer:

  1. Trykk Alt + F2
  2. Skriv gconf-editor
  3. Naviger ned til undermenyen apps-metacity-general
  4. Endre maximize,minimize,close: til menu:minimize,maximize,close
  5. Lukk gconf-editor.

    No skal knappane vere på plass i Windows-stil.

    (X)ubuntu og kryptert heimekatalog (/home)

    Eg testa speglkopiering av disken på min Compaq HP Mini 730eo med ein treg Intel Atom N270 prosessor. For å få det til å gå raskast mogleg er det lurt å nulle ut ledig plass. Det er ikkje vits i at verktøya kastar vekk tid på å pakke restar av filer som er sletta eller tilfeldige data som måtte ligge att på ei testmaskin.

    Eg hadde sett opp Xubuntu 10.04 med passord for å logge på og kryptere alt innhald heimemappa. Berbare pcar som er mykje med på reis bør alltid krypterast slik at uvedkomande ikkje kjem til data dersom maskina forsvinn. Eg testa eit skript som skulle generere ei lita og ei stor fil med nullar i heimekatalogen. Under testinga la eg merke til at det var veldig treg skriving til disken. Når skriptet fungerte som det skulle, flytta eg det over til ein katalog som ikkje var kryptert. Nei, eg kunne ikkje køyre skriptet i heimemappa mi. Den underliggande krypteringa ville føre til at ledig plass på disken vart fylt med tilfeldige data og ikkje nullar. Eg testa skriptet att i den nye plassering og så vesentleg skilnad i ytinga.

    Her er skriptet eg nytta for å vurdere skilnad i hastigheit:

    rm *.txt
    dd if=/dev/zero of=kort.txt  bs=1M  count=500
    dd if=/dev/zero of=lang.txt  bs=1M  count=2000

    Den første lina fjernar eventuelle txt-filer i mappa skriptet køyrer i. Den andre lina lagar ei fil med namnet kort.txt med nullar på ca 500 MB. Den siste lina lagar ei fil med namnet lang.txt på ca 2 GB. Resultat av dei ulike køyringane:

    I ukryptert mappe

    524288000 byte (524 MB) kopiert, 11,0566 s, 47,4 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 60,5938 s, 34,6 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 10,5128 s, 49,9 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 58,0929 s, 36,1 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 9,88656 s, 53,0 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 60,076 s, 34,9 MB/s

    I kryptert heimemappe

    524288000 byte (524 MB) kopiert, 46,9183 s, 11,2 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 186,47 s, 11,2 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 45,9577 s, 11,4 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 190,433 s, 11,0 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 45,7656 s, 11,5 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 184,776 s, 11,3 MB/s

    Det er ein vesentleg reduksjon i skrivehastigheit i den krypterte heimemappa.

    Fullstendig kryptert disk
    (Dette er berre tilgjengeleg på alternativ installasjon-cd av dei ulike Ubuntu-variantane.)

    524288000 byte (524 MB) kopiert, 23,5097 s, 22,3 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 129,156 s, 16,2 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 27,1944 s, 19,3 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 127,024 s, 16,5 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 23,0415 s, 22,8 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 129,141 s, 16,2 MB/s

    Også her er det ein vesentleg skilnad mot ukrypterte data.

    Det kan sjå ut til at ein fullstendig kryptert disk er raskare enn kryptert heimemappe, men då må ein hugse på at heile systemet er kryptert som fører til at alt blir like tregt. Med kryptert heimemappe er det berre dine personlege filer samt filer med innstillingar og data til ulike program som blir lagra kryptert og påvirka av den lågare farten. Programfiler og modular osv ligg i ukrypterte mappestrukturar og vert lasta med maksimal fart.

    Konklusjon
    Skal du velje ein av delene bør du velje kryptert heimemappe.

    Xubuntu 10.04 og nettverkdiskar

    Eg testa Xubuntu 10.04 LTS når han kom. Eg greidde å kople til nettverksdisken min, men han ville ikkje opnast i utforskaren (Thunar). Tenkte eg skulle teste igjen etter at det har gått 3 månadar og vel 160 MB med oppdateringar, men problemet var framleis der. Eg søkte litt etter løysingar og løysinga fann eg her:

    http://ubuntuforums.org/showpost.php?p=8784294&postcount=207

    Når eg køyrde lina:

    sudo apt-get install gigolo fuse-utils gvfs-fuse

    såg det ut til fuse mangla i Xubuntu. Det er merkeleg at ein gløymer ein essensiell komponent når ein legg opp til å bruke Gigolo til å handterar nettverksdiskar.

    Deretter var det berre å få på plass det andre. Her må du bytte ut username med ditt brukarnamn og/eller repetere lina for kvar brukar som skal bruke løysinga:

    sudo gpasswd -a username fuse

    Til slutt må du opne brukaren si mappe i utforskaren. I utforskaren må du slå på visning av skjulte filer. I Linux er alle filer og mapper som startar med punktum skjulte. Ergo vil du først sjå mappa .local når du har slått på visning av skjulte filer. Dobbelklikk på .local og deretter share og til slutt mappa applications.

    Deretter opnar du  mousepad eller tilsvarande tekstredigerer og legg inn følgjande tekst:

    x-directory/gnome-default-handler=Thunar.desktop
    inode/directory=Thunar.desktop
    x-directory/normal=Thunar.desktop

    og lagrar denne som fila defaults.list i mappastrukturen .local/share/applications/ til brukaren. Til slutt kan det vere lurt å logg ut og så inn att for at det skal fungere.

    Microsoft Security Essentials og Thunderbird er ikkje gode vener

    mse Etter testinga av diverse Linux-versjonar la eg tilbake eit gamalt Windows-diskbilete med Microsoft Security Essentsitials. Eg oppdaterte all programvare inkludert Thunderbird e-postklient til versjon 3.1. Når eg skulle lese e-posten min, tok det svært lang tid før Thunderbird var klar.

    Etter litt sjekka eg prosessbruk for prosessane i Oppgavebehandling. Til mi store overrasking var det ikkje Thunderbird som skapte problemet. Det var MsMpEng.exe (Microsoft Security Essential) som gjorde krav på det meste av ressursane. I vedlagde bilete er ikkje denne på meir enn 52%, men på forsøka mine har den faktisk vore oppe i 99%. Eg køyrer andre antivirusprogramvare som F-prot, Immunet og Panda Cloud Antivirus, men eg har ikkje opplevd noko slikt tidlegare. Konklusjonen er enkel:

    Ikkje bruk Microsoft Security Essentials dersom du brukar Thunderbird som e-postklient!

    Kanskje Linux krev litt meir enn XP…..

    I går posta eg ei melding der eg var skuffa over Ubuntu 10.04 LTS sidan vifta aldri stoppa. Greitt nok at ho gjekk for det meste på det minste nivået, men det var aldri ein stopp. So sat eg her og sjekka litt rundt ein prosessor til ein berbar pc og kom inn på ein minitest:

    I also notice that the laptop runs slightly warmer on Ubuntu than it
    does on Windows, even when it has been underclocked from 2.26 GHz to 800
    MHz. The fan is also on much more often in Ubuntu than in Windows 7 and
    is quite audible but not loud. CPU temps under load can exceed 50 C in
    Ubuntu, significantly higher than that of Windows 7. Because of the lack
    of optimization for notebook hardware in Ubuntu, the battery life in
    Ubuntu is quite short, about 4 hours of life, give or take half an hour
    depending on type of usage.

    Det kan kanskje vere at det eg opplevde var at Ubuntu krevde litt for mykje av maskineriet slik at temperaturen aldri datt under det som var grensa for å stoppe vifta. Eg sjekka og såg at temperaturar på prossoren på like under 50 grader.

    Ubuntu er Debian-basert og der er det høge krav til kva som kjem med. Debian si stabile utgåve ligg ikkje på «the bleeding edge». Debian 5.05 er basert på eldre kjerne og er meir restriktive med kva som vert installert. Debian er ein sterk støttespiller av fri programvare og det set sine grensar for kva som blir med i forhold til Ubuntu. Diverre passa ikkje Debian 5.05 til maskina mi. Det rimelege Broadcom 4315-kortet var ikkje støtta av kjerne 2.6.26 og ville difor ikkje fungere med Debian 5.05. Det merkeleg er at det har fungert fint med Ubuntu 8.04 LTS, men som sagt er det ein viss skilnad mellom standard Debian og Ubuntu.

    Eg testa deretter openSUSE 11.3 med installasjon over nettverket/internett. Det som var merkeleg her var at den vesle installasjons-cden såg Broadcom-kortet, men år eg hadde installert openSUSE 11.3 så fekk eg ikkje det til å virke. Alt var på, men ikkje kul om eg fekk det til å virke. Eg er visst ikkje aleine med problemet.

    Det kan vere at eg prøver meg att, men eg vurderer å anskaffe ei standard maskin. Ei lita nettbok med avgrensa oppløysing på skjermen er ikkje så godt å jobbe med når ein skal prøve ut noko nytt.

    Ubuntu 10.04 LTS skuffar

    Eg var skuffa over 10.04 LTS når han vart slept i slutten av april 2010. Det første eg la merke til var at eg ikkje fekk han til å slutte å autolaste og vise innhald på diskar og einingar som vert kopla til.

    Sidan det no er gått vel 2 månadar sidan han kom, tenkte eg skulle teste han på mi HP Compaq Mini 730eo. Installasjon gjekk greitt og eg lasta ned vel 220 MB med oppdatering inklusiv ny kjerne. Det var ein del nedlastingar med installasjon i starten, så det var ikkje uventa at vifta gjekk heile tida. Men eg byrja å stusse litt når maskina stod så å sei inaktiv i lengre tid og vifta ikkje stoppa. Søkte difor på nettet etter ubuntu 10.04 fan control og fann at det var mange som hadde problem med viftestyringa. Sensorar vart ikkje oppdaga og vifta gjekk. Verre var det med dei som hadde maskiner som vifta ikkje starta på. Maskina sloknar på grunn av varme.

      Nei, Canonical dette er skikkeleg dårleg. 10.04 skal vere ein Long Time Support versjon som har høgare kvalitet og stabilitet enn dei ordinære versjonane. Kanskje er det tilfeldig at to av tinga eg treng er defekt.

      For dårleg univeral straumforsyning

      hp510 I går lærte eg noko nytt. Eg fekk inn ei 3 år gamal HP 510 som i førstninga såg ut til å fungere upåklageleg. Dei som hadde ho hadde opplevd at ho brått slo seg av med ujamne mellomrom. Eg sette ho i støpselet og slo ho på. Maskina fungerte heilt fint ei lang stund. Eg la merke til at batteriet ikkje ville ta lading, men det er ikkje uvanleg at batteri er kaputt på gamle maskiner.

      Eg sjekka kva for prosessar som Windows køyrte og om det var noko som hadde snike seg inn i oppstarten som kunne tyde på at ho var infisert av eit eller anna. Alt såg heilt fint ut og eg hadde sågar tenkt å friskmelde ho. Men brått slo ho seg av utan forvarsel. Det første som slo meg var overoppheting. Eg fekk blåst reint vifte og kjøleribber med pressluft. Starta maskina att, men ho slo seg av igjen etter ei lita stund. Eg var inne i BIOS og sette opp at vifta skulle gå når maskina var på. Det såg det ut til at maskina gjekk greitt, men eg var litt att og fram og det var pausar i løpet av testane så det var andre ting som gjorde det. Det enda uansett med at eg til slutt ikkje greidde å starte maskina att. Når eg trykte på av/på-knappen, blinka straumdioden men ingen ting skjedde. Eg såg meg nøydd til å dra nedom jobb for å få ut disken og sikre data frå han. Det er i slike situasjonar ein skjønar kor viktig det er å ta backup.

      På jobben såg eg at eg hadde eit 90 watts HP straumadapter til ei eldre maskin. Volt, amper og pluggen stemde med HP 510. Maskina starta opp med ein gong. Eg la merke til at batteriet byrja å ta lading. Det var berre å setje igong utkopieringa og krysse fingrane for at det gjekk. Maskina oppførte seg eksemplarisk heilt til eg avslutta Windows. Ingen krasj, plutselege stopp eller anna tull.

      Årsak til problema
      Det orginale straumadapter var forlagt og det var kjøpt inn eit 90 watts universaladapter på Elkjøp. Om ein les på det, skulle det greie å dra rundt maskina, men det har nok mangla litt. Det som har skjedd er at maskina har gradvis tappa ut batteriet når ho har gått på straum. Har ho vore lagt bort utan å vere påslått, har adapteret lada opp batteriet. Men når batteriet er på tilnærma 0% byrjar problema.

      Lærdomen er å passe på å skaffe seg eit skikkeleg adapter. Skal ein gå for universal adapter bør ein gå for 120 watt når maskina har hatt eit 90 watt adapter og 90 watt når maskina har hatt eit 65 watt adapter. Eg såg på ClasOhlson at adapteret på 90 watt ikkje ville greidd å fylt krava HP 510. Det mangla noko på amperen når ein kom opp i spenning på 18-22 volt. Kanskje ein ikkje bør sjå så nøye på det som er skrive. For på universaladpateret som var kjøpt stemte volt og amper, men i praksis var det litt for lite.

      Nynorsk som standard språk i Word 2007

      Det skal ikkje vere enkelt å vere nynorskbrukar. Eg er vanlegvis OpenOffice-brukar, men held Microsoft Office i tilfelle det er det som blir brukt på skulen eller eg får ei kranglevoren fil som OpenOffice ikkje taklar. Hittil har OpenOffice aldri svikta meg.

      Microsoft Office var installert og eg skulle berre klargjere for nynorsk på kontiane. Det naturlege var å gå via snarvegen Microsoft Office 2007 Språkinnstillinger. Alt skulle vere klart for at du skulle kunne skrive i Word 2007 med nynorsk som standard redigeringsspråk, men den gang ei. I over ein time prøvde eg mange forskjellige måtar fleire gonger:

      • via bandet “Se gjennom” og sett nynorsk og klikka på Standard…
      • redigert malen normal.dotm via «Fil» og Åpne osv.
      • sletta normal.dotm,
      • restarta maskinene og logga på med fleire konti utan hell.

      Eg prøvde å finne løysingar via søk på nettet utan hell. Word 2007 ville ikkje ta nynorsk som standard redigeringsspråk. Til slutt måtte eg krype til krosset og stille Microsoft support eit spørsmål. Svaret fekk eg i dag først per telefon og så e-post.

      Det viser seg at det er ei “lus” i Word 2007. “Lusa” har Microsoft visst om ei stund, men dei har ikkje gitt ut nokon fiks på ho enno. Ei midlertididig løysing er å gå inn i kontrollpanelet og justere tastaturoppsettet til nynorsk. Her er oversikt over alle plassar du må innom i Windows Vista. Det skal ikkje vere så stor forskjell på Windows 7:

      word2007-nynorsk

      Du må setje Standard inndataspråk i Windows Vista eller Windows 7 til Norsk, nynorsk (Norge) – Norsk.

      Før du kan gjere det må du klikke på knappen Legg til… og krysse av for nynorsk slik at det kjem med i nedtrekksboksen for Standard inndataspråk.

      Antivirus som krev lite ressursar

      Over tid har eg lagt merke til at dagens antiviruspakkar har blitt ressurskrevjande applikasjonar. Det er lettast å merke dersom du avinstallerer antivirus. Ein vil merke seg at det mellom anna går raskare å logge inn i Windows. Skilnaden er størst på eldre maskiner eller på dei nyare netbooks og maskiner med svakare prosessorar. Men du vil jamvel merke det på dei kraftigaste maskinene.

      Eg har vore innom produkt frå Symantec, Norman, Avast, Avira, AVG, F-prot og Microsoft Security Essentials. Av desse er det nok dei to siste som eg vurderer som minst ressurskrevjande og masande. Sidan eg byrja å bruke F-prot har han est ut frå ca 36 MB i 2007 til nett i overkant av 60 MB i 2010. Norman anser eg til å vere ein av dei verste. Meinar å hugse at på jobbmaskinene tek Norman Antivirus ein plass mellom 100 og 120 MB i 2010. Det vil sei over 20% av tilgjengeleg minne på dei fleste maskinene våre. Det tek laaaaannnnngggg tid å starte opp ei berbar maskin med lite internminne, treg hard disk og ein stakkarsleg Pentium M-prosessor!

      Sjølv har eg merka det mest på mi netbook med svak Intel Atom N270-prosessor, men også på ei 3 år gamal maskin med ein Core 2 Duo-prosessor. Minne er det nok av. F-prot fungerer greitt, Microsoft Security Essentials betre, men no meiner eg at eg har funne eit betre alternativ som eg testar:

      clamav-logo2

      ClamAV for Windows baserer seg på sky-basert teknologi for å spare på ressursane til maskina. Du kan gjerne stille spørsmål om kva dersom ikkje nettet er tilgjengeleg. For meg er det eit minimalt problem. Maskinene mine er for det meste kopla til internett. For det meste lastar eg ned programvare frå nettet og dei få eg har kjøpt på fysiske medium blir sjekke mot skya når eg legg dei inn. Det neste spørsmålet eg stilte meg var om mine data vert gjort tilgjengeleg for andre på nettet. Svaret er nei. Du kan lese meir om korleis ClamAV for Windows fungerer i FAQ.

      Einaste ulempa er at han ikkje har tradisjonelt virussøk. Du kan ikkje søke gjennom ei mappe eller disk. Han har berre sanntidsøk av program som vert køyrt. Dette ordnar du ved å bruke ClamWin for Windows.

      clamwin_logo

      ClamWin for Windows har ikkje sanntidsøk og vil ikkje dra maskinressursar med mindre du gir han oppgåver som scanning av filer, mapper og diskar. Eit anna alternativ er å setje opp virussøk til visse tider, t.d. søke i Windows-katalogen. Funksjonaliteten vil bli integrert i ClamAV for Windows etter kvart. Inntil vidare kan eg leve med dette.

      PS! Nemnde eg at dette er gratis med mindre du vil donere nokre slantar til dei?