Skitur: Okslahaugane

Ski Okslahaugane 000

Skitur til Okslahaughane startar på Kleppa, vel 5 kilometer frå Sognefjordvegen. Frå Kleppa følgjer du løyper opp til Øvstestølen og fram til Damefall. Cirka 1 kilometer frå Damefall går du forbi stølen Stokksete på veg mot Kallbakk. I botnen av Kallbakk, bryt du nordover rett mot Fagreggi, ned til Aoreveitane. Dette er eit parti med myrer og ein del bekkar som kjem ned frå Okslahaugane og aust om Fagreggi. Om vinteren er desse snødekte, du finn nok av alternativ å gå opp til Okslahaugane. Du kan gå rett på Fagreggi og litt over halveges oppe skråa mot Okslahaugane i aust. Du ser spora etter nokon opp mot Fagreggi, litt til venstre for bilete over. Om du ser midt på bilete, vil du sjå eit einsleg spor opp lia meir rett på Okslahaugane.

Okslahaugane er høgdedraget aust, eller til høgre, for Fagreggi. I bilete ser du til venstre, mot horisonten, Fagreggi. Ho er det høgste punktet i bilete. I midten av bilete ser du ei stor skavl som ligg ut over austsida av Fagreggi. Til høgre eller aust for skavlen strekker Okslahaugane seg. Toppen merka på kartet ligg på 868 høgdemeter. Oppe på Okslahaugane ser du inn i Skuledalen, under Kjeringafjellet. I nordvest ser du Kjeringasteinen. Snur du deg rundt har du ei flott utsikt over Hermansverk og Sognefjorden samt skiområda.

I motsetning til turar i retningen Kjeringafjell eller Fagreggi som går via Kallbakk og Rjupeskar, er erfaringa min med nordaustleg vind at den ikkje tek nede i Aoreveitane og opp til Okslahaugane. Eg gjekk i ly og det var først når eg nærma meg toppen at eg merka noko til vinden. Ei anna ulempe med vestsida av Fagreggi, Rjupeskar og Kallbakk er at svært ofte er snøen polert av vinden. Har det i tillegg frose til, er det ikkje moro med ordinære tur/fjellski der. Eg har ete snø nokre gonger når skaren har festa sitt grep om skia. I dag fekk eg rapportert frå andre som sagl i området om parti med glassert skare. Der eg gjekk og sagl var det derimot rikeleg med snø og ingen glassert skare. Turen ned mot vest under Fagreggi til Aoreveitane gjekk i passeleg tempo i nysnø.

Turen til Osklahaugane er absolutt å anbefale når ein har gått lei av vinden på Kallbakk via Rjupeskar til Fagreggi. Det er eit lett terreng å sigle i.

Ski Okslahaugane 001

Tur: Lauparfjellet

LauparfjelletNamnet gir inntrykk av at ein må høgt til fjells, men dette ein bonus til turen til Hamrestølen framom Høgehaug. Etter at du har kome ut frå skogen og byrja på skogsvegen, kan du etter eit par 100 meter ta ein avstikkar ned til utsiktspunktet. Det heng eit skilt med svak raud skrift som indikerer starten på stien. Det er ikkje meir enn 100 meter å gå før du klatrar over eit gjerde og kjem ut på ei hylle over Hanahaug med utsikt over Leikanger og Sognefjorden.

Om du har valt å gå frå Eggja er det berre å halde fram turen på skogsvegen. Hamrestølen er omtrent halvveges til utsiktspunktet Lauparfjellet.

Tur: Kleppa til Hamrestølen framom Høgehaug

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Det blir omtrent på same høgda som Kleppa. Det er kortare å gå til Hamrestølen frå Eggja, men frå Kleppa kan du variere turen.

Haugen som ligg vest for Kleppaområdet heiter Høgehaug. Kleppa ligg på austsida og Hamrestølen ligg på vestsida av Høgehaug. Du kan velje å gå framom Høgehaug, bak Høgehaug eller over Høgehaug. Her blir turen framom Høgehaug skildra og han er ca 2,5 km lang. Det er same lengda som turen bak Høgehaug frå Kleppa. Ein rundtur rundt Høgehaug blir då på 5 km.

Frå Kleppa følgjer du traktorvegen til du kjem til Husabøstølen. Der skal du ta til venstre opp gjennom skogen. I enden vil du sjå eit skilt som pekar til Eggja. Du passerer eit gamalt sel og vil like etter gå inn i granskogen på framsida av Høgehaug. Mykje av stien går langs gjerdet som går over Frækaland. Trea står tett, men du kan skimte litt fjord og terreng gjennom dei. Dagmar har velta ein del tre.

Omtrent halvdelen av turen går i skogen, før du kjem ut på ein skogsveg som kjem frå Hamrestølen og Eggja. Har du tid vil du etter nokre 100 meter på skogsvegen kunne ta ein avstikkar ned til eit utsiktspunkt kalla Lauparfjellet. Skiltet er litt utydeleg. Det er ein kort avstikkar på ca 100 meter som tek deg til eit luftig utsiktpunkt rett bak og over Hanahaug.

Vil du ikkje sjå på utsikten er det berre å følgje skogsvegen til du kjem ut på Hamrestølen.

Tur: Kleppa til Hamrestølen bak Høgehaug

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Det blir omtrent på same høgda som Kleppa. Det er kortare å gå til Hamrestølen frå Eggja, men frå Kleppa kan du variere turen.

Haugen som ligg vest for Kleppaområdet heiter Høgehaug. Kleppa ligg på austsida og Hamrestølen ligg på vestsida av Høgehaug. Du kan velje å gå framom Høgehaug, bak Høgehaug eller over Høgehaug. Her blir turen bak Høgehaug skildra og han er ca 2,5 km lang.

Frå Kleppa følgjer du traktorvegen i nesten 1 km til der han gjer ein krapp sving og du har tre retningar å gå i. Mot sør kan du gå opp på Høgehaug. Mot nord svingar vegen tilbake mot Øvstestølen. Om du held fram vestover eller rett fram i svingen, kjem du inn på stien som går i retning Hamrestølen. På vegen dit passerer du i skogen over Vålamyri.

Frå du forlet skogsvegen i svingen, går du inn i myrområde. Til Vålamyri er det like over 900 meter og halvparten av stien går gjennom fuktig myr og gras. Når du kjem til granskogen, vil du etter eit kort stykke kome til tydeleg skilting som peikar deg ned mot leirplassen ved Vålamyri. Frå dette skiltet og til Hamrestølen er det att ca 800 meter som hovudsakleg går gjennom tett granskog. Tre er med ujamne mellomrom merka, men det er ikkje vanskeleg å sjå kor stien går. Når du nærmar deg Hamrestølen, vil du sjå at orkanen Dagmar har sett sine spor. Store mengder med tre er velta og stien har vorte rydda. Ca 50 meter frå sælet og løa der ein finn turposten, kjem ein ut av skogen og inn på traktorvegen som går på framsida inn til under Høgehaug.

Tur: Kleppa til Vålamyri

VålamyriVålamyr er eit lite vatn eller kanskje rettare sagt eit tjern som ligg bak Høgehaug. Frå Kleppa følgjer du traktorvegen i nesten 1 km til der han gjer ein krapp sving og du har tre retningar å gå i. Mot sør går du opp til Høgehaug. Mot nord svingar vegen tilbake mot Øvstestølen. Om du held fram vestover eller rett fram i svingen, kjem du inn på stien som går i retning Hamrestølen. På vegen dit passerer du i skogen over Vålamyri.

Frå du forlet skogsvegen i svingen, går du inn i myrområde. Til Vålamyri er det like over 900 meter og halvparten av stien går gjennom fuktig myr og gras. Når du kjem til granskogen, vil du etter eit kort stykke kome til tydeleg skilting som peikar deg ned mot leirplassen ved Vålamyri. Det er 100 meter ned og du vil sjå nokre gamle plastfiller som er knytt på greiner i trea. Du vil skimte grasvegetasjonen nede i Vålamyri gjennom trea.

Nede på Vålamyri finn du benker sett opp og bålplass. Det kan hende at det er spent opp ein gapahuk under trea. Pass på når du nærmar deg vatnet eller tjernet. Prøv å gå på tuer og hald eit auga med kor du set foten. Å gå to kilometer tilbake til Kleppa i suppande blaute sko er vel ikkje fristande?

Tur: Kleppa til Høgehaug

Høgehaug

Høgehaug ligg over Husabø på Leikanger. Turen frå Kleppa til Høgehaug er like i underkant av 1,4 km og går på traktorvegen opp til svingen der ein kan velje å svinge opp mot Øvstestølen eller gå rett fram i retning av Vålamyri/Hamrestølen eller til venstre opp til Høgehaug. Du stig i underkant av 200 høgdemeter frå parkeringsplassen på Kleppa. Eg vil tru alle kan greie denne turen.

Sidan Høgehaug er eit utsiktspunkt kan det vere like greitt å gå opp her, nyte utsikta og gå ned på andre side i retning Hamrestølen. Då slepp du å gå i myrane bak Høgehaug eller i skogen under Høgehaug til eller frå Hamrestølen. Ingen av desse turane gir det det beste av utsikt. Investeringa i dei ekstra høgdemeterane det er å gå over Høgehaug er vel verd det.

Tur: Kjeringafjell frå Kleppa

Turen til Kjeringafjell er ein tur på nærare tre timar frå parkeringsplassen på Kleppa. I høgdemeter er det snakk om å stige ca 900 meter over ein distanse på ca 9 km.

Har du overskot er Kjeringafjell eit naturleg mål etter at du har teke ein liten pause på Fagreggi, etter i nærleiken av 2/3 av distansen. Strengt teke er det ikkje nødvendig å gå opp på Fagreggi for å gå til Kjeringafjell. Men likar du ikkje å gå ned i Discohola for så vinne att dei tapte høgdemetrane, kan du ta turen opp på Fagreggi og sjå ned over Stokksete, Okslahaugane eller bort mot Sevi osv.

Fagreggi ligg på ca 1.000 moh. Når du står ved varden, snur du deg i nordleg retning og går opp til Kjeringasteinen. Stigningen dit er den brattaste på turen. Frå Kjeringasteinen er det berre å halde fram stigninga i nordleg retning. Gradvis avtek ho til du er på ca 1.260 moh. Du står då oppe, over enden av Skuledalen med Svartevatnet. Frå dette punktet er det lett å skimte dei to vardane. Du kan ikkje gå i rett line mot dei, men må følgje ryggen bak Skuledalen.

Framme ved vardane på Kjeringafjell har du utsyn mot Huks-/Grindsdalen i vest. I nordleg retning kan du sjå Kaldekletten og Voggebreen, som bidreg godt til vassføringa i Henjaelva. I austleg retning kan du sjå ned i Friksdalen som endar ut i Henjadalen ved Nyastøl og over mot ÅsenosiTrastadalen, Høgehaug, Sumhaug og Fjærlandsete. I sørleg retning ser du ned i Skuledalen og elva som renn ned mellom Sevi og Okslahaugane og renn ut i Henjaelva like nedom Fivelhola samt Hermansverk og Sognefjorden inn mot utløpet av Aurlandsfjorden, Fimreite og Fresvik.

Alternativ som går via Stokksete, Aoreveitane og Okslahaugane:

Turen er splitta i fleire deler:

  1. Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørkletten – Bilete 002 – 016
  2. Frå krysset til Smørkletten og opp til Rjupeskar – Bilete 001 – 030
  3. Nede ved foten av Rjupeskar til Fagreggi
  4. Fagreggi til Kjeringafjell

Turen kan òg gjerast på vinterstid. Du får ei lang nedsigling tilbake til Kleppa.

Tur: Fagreggi

Turen til Fagreggi er ein litt lenger tur enn til Rjupeskar. Begge plassane kan imidlertid besøkast i same slengen. Rjupeskar ligg i den vestlege enden av ein rygg som strekker seg frå Fagreggi. Går du ryggen i austleg retning endar du opp på Fagreggi etter ca 15 minutts gange.

Om du ikkje vil opp på Rjupeskar går du opp på ryggen litt aust for Rjupeskar og følgjer han mot Raude Kross-boksen som står like under Fagreggi. Du har att ei siste oppstiging før du går inn til den vesle varden og kan skue ut over Sognefjorden med meir.

På Fagreggi kan du i aust sjå Fjærlandsetevatnet med Jotunheimen og Hurrungane i bakgrunn. Snur du deg sakte sørover, ser du både Lusaskard, Mjellhaugane, Skriki, Bjørgahaug før du i sørvest ser innover fjorden mot Fresvik og Aurlandsfjorden. Feiosdalen skimtar du samt deler av Vik og Balestrand, Stølsheimen og ryggen til Rjupeskar. Fagreggi gir deg i vest god utsikt mot Grindsdalen med Mælen, Dalsbotnen, Hest og Gildal. Over Discohola kan du sjå Dalsete på Huks-sida av Grindsdalen. Nordom har du Kjeringasteinen og Kjeringi.

Turen er splitta i fleire deler:

  1. Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørkletten – Bilete 002 – 016
  2. Frå krysset til Smørkletten og opp til Rjupeskar – Bilete 001 – 030
  3. Nede ved foten av Rjupeskar til Fagreggi

Tur: Stokksete frå Kleppa

Turen til Stokksete kan du ta frå to stadar, parkeringplassen på Kleppa eller frå Skahaug, like over byggefelta på Røysa. Begge stiane passar ypperleg for ungar. Her risikerer du ikkje å falle ned frå høge berg om du skulle trø feil.

Sommartstien til Stokksete frå Kleppa følgjer ikkje skiløypa. På veg mot Damefall, går stien vestom Damefall. Du slepp myrane og vått terreng, som det er litt meir av i skiløypa, men turen er litt lenger. Er det ein periode med tørrver, kan du gå opp skiløypa og spare deg for ein del tid. Vil du gjere litt meir av turen, kan du går ne til Raudmålsgrindi. Like over ho går det ein sti tilbake mot parkeringsplassen på Kleppa. Her er det viktig at du lyttar godt etter. Stien kjem ut på leirduebana. Du har ikkje lyst til å spasere inn midt i hagledrivene, men fortvil ikkje. Når du nærmar bana, vil det vere mogleg å ta av i god tid før og kome ut på ein sikker plass.

Turen til Stokksete frå Kleppa er splitta i tre deler:

  1. Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørkletten – Bilete 002 – 016
  2. Frå krysset der du kan ta av til Smørkletten til kryss med sti til Rjupeskar og Kjeringafjell Bilete 002 – 007
  3. Frå kryss med sti til Rjupeskar og Kjeringafjell til Stokksete

Tur: Stokksete via Raumålsgrinda

Turen til Stokksete kan du ta frå fleire stadar, parkeringplassen på Kleppa, Skahaug, like over byggefelta på Røysa eller som i videoane frå stadion. Du brukar same utgangspunktet som turen til Raumålsgrinda. Etter å ha vore dit eit par gonger, kan du godt legge på vel 1/3 til og kome deg til Stokksete. Begge turane passar ypperleg for ungar. Her risikerer du ikkje å falle ned frå høge berg om du skulle trø feil.

Stien frå Raumålsgrinda er tydeleg og du vil passere i ytterkant av myrene, der skiløypene på Øvstestølen vert lagt. Når du nærmar deg Stokksete, vil du møte stien som går ned eller opp frå Dalhjedla i Henjadalen. Den stien er svært lite brukt og er lett å miste. Vil du gå ned til Dalhjedla, vil eg tilrå at du tek med deg kjentmann eller –kvinne. Like etter vil du kome til Gaosi, ein gamal offerstad. Her gjekk ein aldri forbi utan å legge bær eller anna til Gaosi. Like etter Gaosi deler stien seg og du kan velje å gå til venstre i Stokksetereset og kome fram til trekassen på påle (ved Raude Kross-kasse), eit kort stykke før stølsområdet. Held du til høgre går du nærare stølsområdet, men enno på god distanse til sæla/hyttene fram til kassen.

Turen er splitta i to deler:

  1. Frå Skahaug til Raumålsgrinda
  2. Frå Raumålsgrinda til Stokksete