Brua mi til Tor

Som følgje av krigen og innstramminga av tilgang til informasjon i Russland, valde eg å setje opp ei bru opp mot Tor-nettverket. Ein kan blokkere inngangsnodar til Tor-nettverket, men frivillig bruer er vanskelegare å sperre. Brua mi har stått open i vel 3 veker og er ei av bruene som dei som ikkje kan nå Tor-nettverket kan få tildelt via e-post. Gradvis har det auka på med brukarar og trafikk:

I dag er det viktigare enn nokon gong at ein har tilgang til informasjon, ikkje berre det som nokon meinar du skal vite. Kan du setje opp ei slik bru, bør du bli med og stikke hol på jarnteppa som senkar seg rundt om i verda.

Skitur: Skarseggi

Turen startar i Huksdalen. Følg grusvegen fram Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Her set du frå deg bilen og spenner på skia. Aust for deg, over Nyastølen, vil du sjå Kjeringafjell på sørsida av Eitrebotn, dalen bak Nyastølen. Nordom Eitrebotn og Kjeringafjell kneiser Kaldekletten, nokre høgdemeter over Kjeringafjell.

Første delen av turen går ca. 2 kilometer etter snølagd traktorveg. Når du nærmar deg Stavsete, vil du aust for deg, bak Kaldekletten, sjå Svinadalen og Svinadalseggi. Fjella framover mot Skarholten er ein del av Firksdalseggi, skiljet mellom Huksdalen og Friksdalen saman med Vogga. Vestom deg vil du passere under Sauaholten og skimte nordspissen av Stav samt Stavafjellet, der Sognefjordrennet har starta dei siste åra.

For å kome til Skarseggi, kryssar vi den snødekte Reppa-elva og går inn på stølsbøen til Stavsete. Du må opp bakken bak sæla på Stavsete. No er du oppe på ca 860 høgdemeter og dalen framover stig det slakt i 3 km til ca 1020 moh. Til vest for deg passerer du Stavafjellet og i aust Fossadalen.

Når terrenget flatar ut, står du ved Stavatjørni, eit lite fjellvatn. Til vest ser du Husbyggjefjellet som slakt reiser seg. Aust for deg startar ryggen opp mot Skarholten og breane våre. Her kan du gå over Voggebreen og Myrdalsbreen og kome deg ned til Trastadalen. Held du fram austover vil du enda opp i Rindabotn ved Sogndal Skisenter.

Vårt mål, Skarseggi, ligg nordover. Følg høgspentlina til du kjem på opp i skaret. Her vil du passere eit sæl. Ein vanleg vinter vil det kanskje vere dekka til eller du ser toppen på taket. Hald fram nordover til det byrjar å gå nedover att. Dette er starten på Skar, som ein kan følgje ned i Romedal.

For å kome ut på Skarseggi passar du på å legge vest for Skar og kome deg ut på Skarseggi som tronar 1010 moh Rommedal. Her har du utsikt over dalen, frå stølen Nedre Rommedal opp til Øvre Rommedal. I enden av Rommedal er det bratt ned til Romøyri ved Fjærlandsfjorden.

Fjellet du ser nordom deg er Romhesten på 1206 moh. Dalen austom Romhesten, frå Øvre Rommedal og nordover, vil ta deg ned til Lidal ved Fjærlandsfjorden. I nordaust vil du sjå starten på Ryssebotn, bak Gunvordalen/Laugadalen i Sogndal. Fjellet nordom Ryssebotn er Ryssebotnrana på 1604 moh som kneiser like høgt over Gunvordalen/Laugadalen. På Ryssebotnrana vil du finne den gamle kommunegrensa mellom Balestrand, Leikanger og Sogndal, også kalla «Trepunkten».

Skitur: Stavatjørni

Turen startar i Huksdalen. Følg grusvegen fram Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Her set du frå deg bilen og spenner på skia. Aust for deg, over Nyastølen, vil du sjå Kjeringafjell på sørsida av Eitrebotn, dalen bak Nyastølen. Nordom Eitrebotn og Kjeringafjell kneiser Kaldekletten, nokre høgdemeter over Kjeringafjell.

Første delen av turen går ca. 2 kilometer etter snølagd traktorveg, fram til du kryssar den snødekte Reppa-elva over til Stavsete. Når du nærmar deg Stavsete, vil du aust for deg, bak Kaldekletten, sjå Svinadalen og Svinadalseggi. Fjella framover mot Skarholten er ein del av Firksdalseggi, skiljet mellom Huksdalen og Friksdalen saman med Vogga. Vestom deg vil du passere under Sauaholten og skimte nordspissen av Stav samt Stavafjellet, der Sognefjordrennet har starta dei siste åra.

For å kome til Stavatjørni, kryssar du den snødekte Reppa-elva og går inn på stølsbøen til Stavsete. Du må opp bakken bak sæla på Stavsete. No er du oppe på ca 860 høgdemeter og dalen framover stig det slakt dei neste 2 kilometerane. Til vest for deg passerer du Stavafjellet og i aust Fossadalen.

Når terrenget flatar ut, står du ved Stavatjørni på 960 moh, eit lite fjellvatn. Til vest ser du Husbyggjefjellet som slakt reiser seg. Aust for deg startar ryggen opp mot Skarholten og breane våre. Her kan du gå over Voggebreen og Myrdalsbreen og kome deg ned til Trastadalen. Held du fram austover vil du enda opp i Rindabotn ved Sogndal Skisenter.

Skitur: Stavsete

Turen startar i Huksdalen. Følg grusvegen fram Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Her set du frå deg bilen og spenner på skia. Aust for deg, over Nyastølen, vil du sjå Kjeringafjell på sørsida av Eitrebotn, dalen bak Nyastølen. Nordom Eitrebotn og Kjeringafjell kneiser Kaldekletten, nokre høgdemeter over Kjeringafjell.

Første delen av turen går ca. 2 kilometer etter snølagd traktorveg, fram til du kryssar den snødekte Reppa-elva over til Stavsete. Når du nærmar deg Stavsete, vil du aust for deg, bak Kaldekletten, sjå Svinadalen og Svinadalseggi. Fjella framover mot Skarholten er ein del av Firksdalseggi, skiljet mellom Huksdalen og Friksdalen saman med Vogga. Vestom deg vil du passere under Sauaholten og skimte nordspissen av Stav samt Stavafjellet, der Sognefjordrennet har starta dei siste åra.

Framme på Stavsete kan du nyte utsikta og planlegge kor turen skal gå. Du er over tregrensa og her er det berre å velje og vrake blant toppturar. Vil du gå i slakare terreng er det berre å halde fram nordover i dalen.

Gamal fossilbil til ny elbil?

Bakteppe for dette innlegget er at det å skifte bil aldri er økonomisk fornuftig. Verdien på ein bil søkk som ein stein frå den dagen du vrir om nøkkelen og køyrer ut frå forhandlaren. Det fins unntak for nokre typar veteranbilar, men desse er ikkje bilar for dagleg bruk.

Det er mange som peikar på gevinsten ved å gå frå fossilbil til elbil, men då gløymer ein ei vesentlege sider ved reknestykket. For min del sit eg no med ein dieselbil som har ein restverdi på kr 160 000. Bilen er 7 år gamal, eg har eigd han i 6 av dei. I løpet av åra har eg hatt eit verdifall på kr 180 000, ca kr 30 000 i året. Eg har ikkje hatt store reparasjonar, berre serviceutgifter i hovudsak kvart andre år. Den forrige bilen likedan. Verditapet på han var kr 200 000 over 17 år, omrekna til ca kr 12 000 i året.

Bruksverdien til bilen eg har no er stor. Vi har hatt 5 personar i vaksen storleik med bagasje til alle for ei veke på Norway Cup i bilen utan takboks. Ein god og romsleg familiebil med «dansegolv» i baksete. Han har akkurat runda 70 000 køyrde kilometer. Skal eg oppgradere til ein likeverdig elbil, må eg ut med kr 600 000 og oppover. Den eg ser på no kjem på kr 650 000.

Via Bergens Tidende kom eg til ein artikkel på e24 som fortalde om at 95% av salet til Møller Bil i Sør-Rogaland var elbilar. På slutten av artikkelen hadde dei eit reknestykke

Et regnestykke laget av Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) basert på 2020-tall viser at det er stor forskjell på det vi kan kalle rene drivstoffutgifter mellom bensin-, diesel-, ladbare hybrid- og elbiler. Her er det tusenlapper å spare.

Regnestykket kan variere etter bilmodellene, men OFVs utgangspunkt er en ny bil som koster 424.000 kroner. Disse parametrene er lagt til grunn i sammenlikningen:

  • Årlig kjørelengde: 15.000 km
  • Bensinpris: 14,69 kr/l – snittforbruk per mil: 0,6 liter
  • Dieselpris: 13,86 kr/l – snittforbruk per mil: 0,48 liter
  • Strømpris: 80,3 øre per kilowatt time – snittforbruk per mil: 1,87 kWh

Dette ga disse 2020-kostnadene:

  • Bensinbil: 13 221 kr
  • Dieselbil: 9 979 kr
  • Ladbar hybrid (forutsatt 50/50 fordeling bensin/strøm): 7 737 kr
  • Elbil: 2 252 kr

Både straumprisen og drivstoffprisane har vesentleg endra seg, men for å gjere det enkelt legg eg til grunn same differansen, ca kr 7 700 dyrare i drivstoffkostnader å køyre rundt i min dieselbil. Sidan eg bur ute i distrikta, er ikkje skilnad i bompengar noko eg treng tenke. Det kan bli nokre kroner rimelegare for servicar. Ein treng i det minste ikkje skifte olje på ein elbil, men eg oppfattar at bremseskiver må skiftast oftare på grunn av rust sidan bilen bremsar mest med den elektriske motoren for å gjenvinne straum.

Den nye elektriske bilen veg 1 000 kilo meir enn bilen eg har no. Han vil ha vesentleg meir krefter, over 300 hk meir. Han har større dekkdimensjonar og dekka er dimensjonert for å håndtere meir vekt og meir krefter. Kostnaden per dekk er minst 4 gonger så stor. I stadenfor kr 5 000 per dekksett, vil det koste kr 20 000 på den nye bilen. Auka dekkostnad vil ete opp mykje av det ein sparar på drivstoff.

Forsikring trur eg må vere tett knytt til tal hestekrefter samt at elbilar er dyrare reparere. Komplekse reparasjonar, spesielt knytt til batteripakken, gjer at ein elbil lettare blir kondemnert. Om eg ikkje hugsar feil steig forsikinga med kr 5.000 i året. Det er ikkje mykje att av innsparinga på drivstoff no.

Noverande bil vil fungerer fint i 20 år pluss. Den gamle bilen min går framleis i bygda i beste velgåande, ca 22,5 år gamal. Skulle uhellet vere ute og ein girkasse eller motor ryke, kostar det litt å få på plass ny/overhalt motor eller kasse, men ikkje verre enn at det kan vere forsvarleg.

For ein elbil stiller det seg annleis. Så lenge han er innafor garanti dekkar produsenten det, men etter 5 år (reklamasjonsperiode) er det slutt. Nokre produsentar har 2-3 år lengre garantiperiodar. Motorar kan kanskje vere rekningssvarande å få skifta, men problemet er batteriet. Skulle ein få problem med ein cellepakke eller sjølve batterier, oppfattar eg det som ikkje rekningssvarande å skifte batteriet. Aldri i livet om eg hadde lagt ut ein kvart million for å kjøpe ein gamal Tesla Model S utanfor nokon som helst garanti.

Batteriet vil over tid miste kapasitet. Går bilen 400 km når han er ny, kan ein ende opp med at ein sit att med 280 km etter 10 år, eller 70% av orginal kapasitet. I mi bok vil det gå ut over køyreopplevinga. Eg vel ikkje å gå inn på den vesentlege skilnaden i omfanget av elektronikk mellom noverande bil og ny bil.

Der min noverande bil vil kunne halde 15 år til med godt vedlikehald, vil eg legge til grunn at å halde på ein elbil utover garantitid + maks 5 år til vil vere ein større risikosport. Ein må i utgongspunktet rekne med å ta verditapet over 10 år. Det betyr eit verditapet på kr 65 000 per år for den eg ser på no. La oss sei at bilen vil ha litt restverdi igjen etter 10 år, kr 100 000, og kalkulere med årlege verditap på kr 55 000 per år.

Skriv eg av restverdien på min noverande bil på 10 åra, tek eg eit årleg verditap på kr 16 000. Eg kan fylle mykje diesel og reparere mykje for den differansen. Ha det på minne dersom du lurer på om du skal gå elektrisk. Er det mykje liv att i din noverande bil, la han heller gå 10 år til.

Skitur: Rindabotn til Kvålen om Høgehaug

Å gå frå Rindabotn til Leikanger ein vintersdag er ei flott oppleving. Når sola varmar og det er påskeføre, kan ein ikkje klage. Til turen treng du tur- eller fjellski. Å gå med løypeski vil eg frarå. 1/3 av turen vil gå utanfor trakka løype. Ski med kortfeller har eit greit kompromiss mellom feste og gli.

Du startar ved trekkhytta i Rindabotn og følgjer trakka løype for runden om Høgehaug, Sumhaug, Fjærlandssete og Jarbruvotni. Sidan du skal til Høgehaug på 980 moh, følgjer du den trakka løypa vest/sørvestover opp til det høgste punkte. Frå Rindabotn er det ca 5 km opp til Høgehaug og stigning heile vegen.

På Høgehaug vil du i nord sjå inn i Trastadalen, vestover mot Myrdalen og Myrdalsbreen. På nordsida av Friksdalen ser du Sovlsetfjellet og ellers langt inn i Friksdalen. Du skimtar også Skarholten på 1540 moh vest for Voggebreen. Du ser Kaldekletten på 1360 moh samt Friksdalseggi, i enden av Friksdalen, der han svingar inn mot Vogga. Kjeringafjell på 1314 moh og heile ryggen heim og ned mot Kjeringasteinen sør om Kaldekletten. Du skimtar Fagreggi på 1004 moh samt Okslahaugane over Aoreveitane og Stokksete. I sør røyser både Lusaskard og Skriki seg mot himmelen med sine 1004 moh og 1227 moh. Under deg ser du Fjærlandssetevatnet med Sumhaug i vest, ved utløpet mot Henjadalen. Aust for vatnet ser du sæla på Fjærlandssete samt heimover mot Øvstedalen.

Frå Høgehaug sigler du ned ca 200 høgdemeter til Sumhaug. Løypa går austom Pipehaueg og Hovden samt Lomavatnet og Hovdavatnet. Nede på Sumhaug kryssar du utløpet av Fjærlandssetevatnet på solid snøbru. Når brua ber ei trakkemaskin, treng du ikkje vere uroa for vekta di. Du følgjer trakka løypa ca 2 km langs Fjærlandssetevatnet, austover mot Fjærlandssete. På vegen passerer du Kringlevatnet før du endar opp ved skilta, som står litt sør for sælbøen på Fjærlandssete.

På ein helgedag kan du følgje trakka løype sørover mot Øvstedalen, forbi Kalvavatnet og ned til der Kløvjavegen kjem i hop med stien/løypa frå Øvstedalen, litt over Furusete. Du ser starten i det siste bilete, den slake ryggen må du over/rundt for koma inn på Kløvjavegen. Du får ei lita oppstigning før du skråsigler ned mot området bak Geitadalen.

Eg saknar trakkemaskina til Per Steinar Melås. Ho var til stor hjelp når ein skulle over til Njøsadalen. Løypa var lagt i kløfta i det nest siste bilete, før den svinga nordover inn i løypa frå Øvstedalen. I dag er alternativet å følgje scooterspor her. På tidspunktet eg gjekk turen, var det ikkje køyrt. Følgjer du scootersporet, krev det at du må ta fleire høgdemeter. Du kjem høgare opp i Seltuftebotn og må over ryggen i bilete for å sigle ned på flatene over Geitadalen. Alternativt kan du ta deg ned til Hottadalen og ned Strupen til Geitadalen.

Frå Geitadalen følgjer du scooterspor ut Njøsadalen. Desse er smale og vanskelege å ploge i. I tillegg er det lett å få ski i lås i sporet etter styreskiene på scooteren. I dei brattaste partia kan det vere lurt å ta av seg skia eller sigle med feller på skia ut dalen. Rundt påsketider må du rekne med å minsta gå frå Dalsete, over Pyttane. Det kan vere lurt å ha eit par jogge-/tursko i sekken for å sleppe å slite ut sålen og bindingsfeste på skiskoa.

Skitur: Rindabotn til Kvålen om Jarbruene

Å gå frå Rindabotn til Leikanger ein vintersdag er ei flott oppleving. Når sola varmar og det er påskeføre, kan ein ikkje klage. Til turen treng du tur- eller fjellski. Å gå med løypeski vil eg frarå. 1/2 til 1/3 av turen vil gå utanfor trakka løype. Ski med kortfeller har eit greit kompromiss mellom feste og gli.

Du startar ved trekkhytta i Rindabotn og følgjer trakka løype for runden om Høgehaug, Sumhaug, Fjærlandssete og Jarbruvotni. Nokre hunder meter etter raude kross-boksen etter Stedjekamben, tek du av til venstre og får Helleberget i horisonten. Du følgjer trakka løype som svingar seg rundt og over Kollsetevatnet, langs Fagreggjevatnet for deretter å svinge over Jarbruvotni. Du endar ut litt over Fjærlandssete og sigler ned til skilta, som står like ved løypa.

På ein helgedag kan du følgje trakka løype sørover mot Øvstedalen, forbi Kalvavatnet og ned til der Kløvjavegen kjem i hop med stien/løypa frå Øvstedalen, litt over Furusete. Du ser starten i det siste bilete, den slake ryggen må du over/rundt for koma inn på Kløvjavegen. Du får ei lita oppstigning før du skråsigler ned mot området bak Geitadalen.

Eg saknar trakkemaskina til Per Steinar Melås. Ho var til stor hjelp når ein skulle over til Njøsadalen. Løypa var lagt i kløfta i det nest siste bilete, før den svinga nordover inn i løypa frå Øvstedalen. I dag er alternativet å følgje scooterspor her. På tidspunktet eg gjekk turen, var det ikkje køyrt. Følgjer du scootersporet, krev det at du må ta fleire høgdemeter. Du kjem høgare opp i Seltuftebotn og må over ryggen i bilete for å sigle ned på flatene over Geitadalen. Alternativt kan du ta deg ned til Hottadalen og ned Strupen til Geitadalen.

Frå Geitadalen følgjer du scooterspor ut Njøsadalen. Desse er smale og vanskelege å ploge i. I tillegg er det lett å få ski i lås i sporet etter styreskiene på scooteren. I dei brattaste partia kan det vere lurt å ta av seg skia eller sigle med feller på skia ut dalen. Rundt påsketider må du rekne med å gå frå Dalsete, over Pyttane. Det kan vere lurt å ha eit par jogge-/tursko i sekken for å sleppe å slite ut sålen og bindingsfeste på skiskoa.

Drivstoffavgifter kan fjernast mellombels

Denne veka var dieselprisen nett over kr 27 her. For eit par veker fyllte eg tanken med diesel på tilbod med kr 16,59 per liter. Oljeprisen har skote i været. Noreg har ei petroleumsbeskatning som gjer at leite- og utvinningsselskap har ein skattesats på 78%! Det betyr at mesteparten av auken i prisen på olje går rett i statskassa, primært på pensjonsfondet. Med utgangspunktet i https://www.smartepenger.no/bilokonomi/358-drivstoffavgifter har eg leika meg med tal:

NormalKrigAuke
BensinDieselBensinDieselBensinDiesel
Totalpris16,0015,0026,0025,0010,0010,00
Veiavgift bensin5,013,585,013,58
Co2-avgift1,371,581,371,58
Mva3,203,005,205,002,002,00
Sum avgifter9,588,1611,5810,162,002,00
Netto varepris6,426,8414,4214,848,008,00

Norge har fått ei ekstaordinær auke både i oljeprisen samt mva på diesel og bensin har auka. Om prisen vil enda rundt kr 30 per liter, er auken større. I mitt reknestykke har mva auka med kr 2. Det er ikkje heilt overførbart, men om vi seier at 78% av auken på kr 8 havnar i statskassa, er ein godt over det vegavgift og Co2-avgift utgjorde før krigen. La oss sei at din familie køyrer 20 000 km i året. Bilen brukar 0,75 liter på 10 km, i snitt, i løpet av året. Samla drivstoffkjøp blir på 1.500 liter. Aukar prisen på drivstoff med kr 8, betyr det ei auke for familien din på kr 12 000 i året.

Aukar drivstoffprisen, vil det ikkje berre medføre at familen si køyring med bil kostar meir. Det vil føre til auke i porto, varetransport og offentleg transport (fly buss, taxi, og båt). I tillegg kjem all anna tenesteleveranse eller vareproduksjon der drivstoff inngår som innsatsfaktor. Sluttsummen som du og eg må dekke vil stige.

Europa kjøper store mengder kol, olje og gass frå Russland, som dei no vil venje seg av med. Som ein har merka i vinter, fører mangel på straum til stor prisauke. Innsatsfaktorar for å lage straum i Europa, må i komande år byggast opp eller kjøpast andre stadar frå og prisen aukar. Sjølv om vi privatpersonar har ei støtteordning i eitt år, har ikkje næringslivet det. Kostnader som verksemdene (produsentar, distributørar, lager, butikkar) må ta, må hentast inn att hjå meg og deg.

Russland og Ukraina er store eksportørar av landbruksvarer, f.eks. korn. Vareprisen på mjøl og det som er laga av mjøl vil auke dramatisk. Brød og pasta vil kome opp på eit nytt prisnivå. FN advarer om at matvareprisen kan stige mellom 8 til 22%. For Noreg sin del vil eg tippe at vi kjem til å ligge nærare 22%. Brukte familien din kr 130.000 på daglegvarer i 2021, må du rekne med rundt 150.000 i 2022, det vil sei rundt ca kr 1.500 meir i månaden utover året.

Bustadmarknaden her har vore under press lenge. I 2021 var det ein kraftig prisauke i byggevarer. Det er også annonsert at byggevarer vil stiga no. Ein reknar med at ein einebustad som kosta kr 6 million januar 2021 no vil enda opp på ca kr 7,5 mill som følgje av alle prisaukene. Det har med andre ord blitt mykje dyrare å bygge nytt og pusse opp gamle husvære. Renta er ekstremt låg og mange som etablerer seg har begrensa økonomi. Å takle høgare prisar for basisvarer kan gå bra, men å hoste opp over ein halv million til ein familiebil kan vere godt utanfor budsjett, sjølv om bilen er unnateke alle avgifter.

Eg meiner det no er høve til mellombels å fjerne både vegavgift og Co2-avgift på bensin og diesel for å bidra til å motvirke effekten av krigen. Eg fremjar ikkje at avgiftene skal fjernast til evig tid, men så lenge den ekstraordinære situasjonen står på.

Når sensuren senkar seg, vel Tor

Putin i Russland har full kontroll på mediebilete. Uavhengige nyhendereaksjonar har blitt rensa ut over åra, og dei siste er i ferd med å gi seg. I desse dagar innførte dei ei lov som kan gi inntil 15 års fengsel for å spreie «falske nyhende» om det russiske militæret.

Utanlandske nyhendekjelder og sosiale medier blir blokkert. Med full kontroll kan Putin styra opinionen i Russland. I staden for groteske bilete av utbomba byar, kan han bruke arkivfoto og rigga scener som kan vise at alt går roleg for seg, berre militære mål blir målretta.

Om din tilgang til andre lands nyhende er blokkert av din nettleverandør, kan du dra nytte av Tor Project. Last ned nettlesaren og installer han på PCen. All trafikk blir sendt gjennom Tor-nettverket og du vil omgå blokkeringar.

Russland har blokkert Tor i vinter, men nettlesaren kan du finne andre stadar. Det ser også ut til at Russland har blokkert tilgang til nodar i Tor-nettverket, men det fins vegar rundt. Slike omvegar er alltid lurt å bruke dersom det autorative regimet blokkerer Tor. Sidan det er vanskeleg å sperre for bruer, som alle kan sette opp, sparar det deg for at nokon kjem på døra og kastar deg i fengsel fordi du bruker eller prøver å bruke Tor.

PS! I solidaritet med den angripne part, har eg sett opp ei bru. Det er eit lite bidrag i ei tid som tek meg 40 år tilbake i tid.

Ufin – kanossagang, jurist nyttar tvilsom avtale – heilt greit?

Arbeidarpartiet sit med ei nøtt no. Personen som gjekk hardt ut mot tidlegare nestleiar sit i klemma. Ho er utdanna jurist og det luktar ikkje bra av saka hennar. Etter at ho fekk vite at ho ikkje får skattefri bustad, legg ho fram ein kontrakt berre datert nokre dagar før. Med denne, i mine auge tilsynelatande fiktive, kontrakten kunne ho nyte godt av skattefri pendlarbustad.

Forrige nestleiar måtte gjennom ein solid kanossagang og er framleis sett på som spedalsk i Arbeidarpartiet. Han er omtrent politisk død. Feilen var at han ved enkelte høve kunne vere ufin og «tafsete» mot det andre kjønn, men han braut ingen lover. Han er ikke dømt for noko.

No har Arbeidarpartiet ein jurist som med høgt sannsyn har brote lover, men forholdet er forelda. Framleis sit ho som nestleiar. Handlingane hennar er langt verre med tanke på hennar kompetanse. Det er vanskeleg å ha tillit til nokon som skal vite betre. Naturleg konsekvens er at ho gir seg som politikar.