Tur: Hottadalen frå enden av vegen i Njøsadalen

hottadalVed å følgja traktorvegen fram austsida av Njøsadalen i ca 5 km, vil du koma til ein parkeringsplass som ligg mellom Hottadalen og Tuftahaug. Turen fram vegen tilsvarar omtrent turen til Flya i Henjadalen, men der endar samanlikninga. Henjadalen er rimeleg flat, medan Njøsdalen frå Kvålen har ei langt kraftigare stigning. Med andre ord eit altnerativ dersom du synes Henjadalen blir for lett.

Vegen er i dag open for ferdsle, med unntak under sauesankinga. Har du ein bil, som ikkje er for låg, kan du køyre dalen fram på første gir.

Hottadalen ligg på vestsida av enden av Njøsadalen. Du følgjer den grovare traktorvegen opp frå parkeringsplassen eit par hundre meter før du går ut på stien og går opp gjennom Strupen. Stien er tydeleg i terrenget og lett å følgje. Ver merksam på at det er litt fuktig mellom hyttene/sæla. Du bør heller ikkje vandre for mykje til aust/høgre for stien du kjem inn. Der er det ei svært våt myr eller krysning mellom myr og tjønn.

Framover Hottadalen, i nord-austleg retning, kan du gå over Skitbrekkene til Fjærlandsete. Vil du ikkje til Fjærlandsete kan du på Skitbrekkene svinge tilbake forbi Hottanosi og gå mot til Lusaskard. Det enklaste er å gå i nordleg retning slik at du ser ned mot Sumhaug. Slik vil du kunne følgje øvre del av stien som kjem opp til Lusaskard frå Fjærlandsete.  Du kan gå rett opp på Lusaskard ved stien som startar like nedom det heimste raude sælet eller du kan ta turen tilbake til Skagasete via stien gjennom skogen.

Tur: Bergsete frå Njøs

Det som skulle vorte ein støl, Bergsete, ligg like under Mjellhaugane, over Havrevatna. Dei byrja å bygge opp sæl av stein for fleire mannsaldrar sidan, men gav opp sidan det var for lite ved i nærleiken. I dag trur eg det skulle vore fullt mogleg å hatt støl der. Tregrensa har drege seg oppover og det er ikkje langt til veden. Drikkevatn var ei anna utfordring på Bergsete.

Turen opp Njøsadalen via Havrane og Moldbakken er ei stri tørn for dei som ikkje glad i høgder når du skal forsere eit parti over Havrevatnet. Eg har difor valt å gå opp ei rute frå Njøs.

Du kan velje traktorvegen eller gå via Bjørgahaug mot Hangsete. Begge alternativa har flott utsikt. Traktorvegen er best dersom du ikkje likar deg på kanten av fjellknausar. Når du er komen til enden av traktorvegen, frå ei av rutene, skal du ta deg opp til Våkeldahaug. Du skal passere bak ein kjempestor stein i bakkant av Våkeldahaug og  like etter kjem du til eit sti-skilje. På dette punktet er du cirka halvveges til Bergsete tidsmessig.

Snu ryggen din til Kyrafossen for å runde foten av ein liten rygg, som kjem ned nokre få meter borti stien. Kryss søkket og ta til på motbakken nord-austleg retning. I praksis betyr det at du, grovt sett, må ha Borlaug på sørsida av Sognefjorden i ryggen på turen til Bergsete. I forhold til stigninga du har vore gjennom opp til Våkeldahaug, er dette greie stigningar avbrotne av flate myrer. Turen er ikkje merka, men bileta gir deg eit godt inntrykk av terrenget du vil møte. Du skal berre hugse å ikkje gå for mykje vestleg/venstre, for å unngå å gå ned i søkket som bekken/elva som renn ut over Kyrafossen renn i. Hald deg langs/på høgdene på austsida.

Som du ser av bileta er det rimeleg ope mellom lauvtrea. Her er det ingen granfelt du må rundt eller gjennom. Du treng ikkje gå opp på kvar ein haug du går i retning mot. Følg skråningar som gradvis tek deg opp, i rett retning, men gjerne forbi toppen på ein haug slik at du unngår å gå på toppen for så å gå ned frå han på baksida. Eg trur du vil sjå nokre døme i mine bilete.

Ca halvveges frå Våkelda dukkar Skriki og toppane av Mjellhaugane opp. Det er berre å sikte seg inn på Mjellhaugane. Bergsete ligg nede ved foten, i nord, på vestsida. Etter ca 2/3 av turen frå Våkeldahaug vil du kunne skimte steinmurane på Bergsete. Eg vel å gå litt opp, langs Mjellhaugen for å sleppe å gå over myrene. Der kjem du inn på ein sti/dyretrakk som tek deg mot Bergsete.

Turen til Bergsete er delt i tre eller fire deler:

  1. Traktorvegen mot Hangsete
    Alternativt:
    Stien frå Njøs til Bjørgahaug
    Frå Bjørgahaug til Hangsete (til der traktorvegen endar)
  2. Traktorvegen til Våkeldahaug
  3. Våkeldahaug til Bergsete

Tur: Våkeldahaug

Terrenget over Njøs skjuler ei godt gøymd perle med ei langt betre utsikt enn det Bjørgahaug kan gi. Utsiktspunktet blei av dei gamle kalla for «Våkeldahaug». Årsaka er at plassen er godt synleg frå bygda og det gjorde seg difor godt å tenne bål/varde der når ein skulle f.eks. feire noko.

Er du på veg til Hangsete, er det vel verd å ta ein avstikkar på noko over 500 meter opp frå slutten av traktorvegen mot Hangsete. Når du står på slutten av traktorvegen mot Hangsete, ved Hangsetegrinda, skal du legge merke til det vesle granfeltet på nordsida av vegen. Gå gjennom grinda og følg gjerde opp over til stien knekk vekk frå gjerde etter ca 30 meter.

Når du har gått halveges, kjem du til eit parti med eit svaberg bak nokre furuer. På svaberg er det vanskelegare å sjå kor stien går, men det er berre å halde fram opp, bak furuene. Etter i overkant av 500 meter gange kjem du til berget med utsikta. Stien går i bakkant av nokre einer. I motsetning til Bjørgahaug forstyrrar ikkje einer eller busker utsikta frå Våkeldahaug.

Turen til utsiktspunktet er delt i to eller tre deler:

  1. Traktorvegen mot Hangsete
    Alternativt:
    Stien frå Njøs til Bjørgahaug
    Frå Bjørgahaug til Hangsete (til der traktorvegen endar)
  2. Traktorvegen til utsiktspunktet

Tur: Traktorvegen mot Hangsete

I staden for å gå den tradisjonelle stien Kidlestigen, kan du fylgje ein traktorveg oppover mot Hangsetegrinda, som står mellom Ste og Kyrkja, eit kort stykke før Hangsete.

Når du står ved transformatorstasjonen på Njøs, skal du snu nasen i nord-austleg retning og sjå opp mot fjellet. Legg merke til den vesle fossen som renn ned fjellsida, frå toppen. Han heiter Kyrafossen og i løpet av turen skal du gjentekne gonger krysse vatnet frå han før du passerer like under han.

Traktorvegen startar med bra stigning, men allereie etter første passering av vatnet frå Kyrafossen blir det brattare. Etter at vegen svingar tilbake og går i sørleg retning, mot foten av Bjørgahaug, og over elva att, kjem den brattaste stigninga. Du kan skimte ho like over tretoppane på Njøs.

Den kraftige stigninga held fram heilt til du er godt opp i gjelet med ein granskog. Inne i skogen kan du finne ein sti som tek deg tilbake til Bjørgahaug, om du vil ha ein kortare rundtur. Etter mine erfaringar er stien vanskeleg å finne frå denne retninga. Første gongen kan det vere lurast å finne stien frå Bjørgahaug. Starten er merka nett etter Bjørgahaug, på stien til Hangsete.

Utsikta frå stigninga er god, men ta deg gjerne ein liten sidetur, til dømes ut på ryggen som fører opp mot Kyrafossen, for å få ei betre utsikt ned mot Hermansverk og oppover ytre del av Henjadalen mot Kleppa og over.

Eit stykke før du kjem under Kyrafossen er det ein sti som vil kunne ta deg opp på vestsida av Kyrafossen for å føre deg tilbake over Kyrafossen til eit utsiktspunkt. Det same utsiktspunktet kjem du til ved å følgje vegen til endes og følgje skiltinga frå Hangsetegrinda.

Den verste stigninga er unnagjort når du passerer under Kyrafossen. Vegen går i nokre slynger til oppover. Utsikta er på sitt beste ut fjorden. Ta deg gjerne ein pause på eit svaberg eller ein knaus her.

Vegen endar opp ved Hangsetegrinda, mellom Kyrkja og Ste. Det er så kort att til Hangsete at du like godt kan gå fram dit for å returnere til Bjørgahaug og ned att på Njøs via Kidlestigen.

Om du synes vegen blir for bratt og lang, kan du heller ta turen bortom Bjørgahaug:

Tur: Hottadalen via Skagasete

I 2011 vart den gamle stien frå Skagasete til Hottadalen rydda og merka. Stien startar ved slutten av vegen som endar på Skagasete. Starten er markert med skilt og elles merka med raude flekker her og der. Nokre stadar heng det små gule plastbitar i trea.

Det er ca 2,5 km frå Skagasete til Hottadalen. På denne distansen skal du berre opp ca 150 høgdemeter. Turen fram og tilbake er ikkje for krevjande og kan vere ein grei, lettare tur for born og vaksne. Sidan du er litt oppe i fjellsida får du, i motsetning til å å følgje traktorvegen til Fadnastølen, mykje meir utsikt over dalen.

For dei som ønskjer å parkere bilen på Kvålen vil ein få seg ein god tur på nesten 5,5 km ved å gå opp via Haoahaug til Skagasete og vidare til Hottadalen. På Skagasete er du halveges til Hottadalen og har gjort unna ca 500 høgdemeter. Med berre 150 høgdemeter igjen blir turen frå Skagasete til Hottadalen vesentleg lettare.

For å sleppe å gå tilbake same vegen, vil eg tilrå at ein i Hottadalen går mot Tuftahaug og vidare nedover til Fadnastølen og ned att på Kvålen. Då vil du ha gått fram vestsida og heim att austsida av Njøsadalen. Samla sett blir turen på ca 10 km. Den tyngste biten har du gjort unna frå Kvålen og opp til Skagasete.

Ein lettare «rundtur» er å køyre 3 km fram i Njøsadalen, gå ca 1 km etter vegen opp til Skagasete for så gå fram stien til Hottadalen. Frå Hottadalen går du mot Tuftahaug til du treff på vegen i Geitadalen. Vegen følgjer du nedover, tilbake til bilen. Eg vil anslå ein slik tur til ca 5 km.

Turen til Hottadalen via Skagasete er delt inn i fleire deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til bilete 25
  2. Haoahaug til Skagasete
  3. Skagasete til Hottadalen

Tur: Stavsete

Stavsete er den innerste stølen i Huks-/Grindsdalen. Etter kraftverkbygginga er det grei grusvegstandard i Huksdalen. Dei fleste type bilar skal kunne kome seg fram til området der elva Nyastøla renn ned i Stavseta. Herifrå følgjer du vegen langs elva Stavseta ca 2 km nordover. Turen har slak stigning.

Kik gjerne bortom bekkainntaket på vegen fram. Når du nærmar deg toppen på vegen, vil du sjå Stavsete, framme på høgre side. Gå ut av vegen og sikt deg inn på den vesle brua som let deg tørrskodd kryssa elva Reppa. Stavsete ligg i eit ope området under mellom anna Stav og Kaldekletten.

Går du i norvestleg retning opp på Stavafjellet kan du følgje den smale egga over på nordspissen av Stav. Etterpå kan du halde fram til sydspissen for å gå nedover til Fjærlandsfjorden langs Troeggi, forbi Vassvarden og ned til stølsområdet på Daurmalhaug og Skare for til slutt passere forbi garden Ruud og huset på Flætene og ende opp på Hella ferjekai.

Spasserer du i nordleg retning, med Stavsete i rygg, kan du halde fram mot Skar på ca 1.000 moh. Det blir ei rimeleg slak stigning frå Stavsete som ligg på ca 775 moh. Frå Skar kan du gå til Øvre Rommedal, som ligg på same høgd som Stavsete. Øvre Rommedal høyrer faktisk til gamle Leikanger kommune. Frå Øvre Rommedal skal det vere ein sti som endar nede ved Fjærlandsfjorden på Romøyri.

Eit alternativ vere å gå tilbake mot Nyastølen. Brua litt i aust/søraustleg retning frå stølsområdet. Om du ser mot Kaldekletten og Kjeringafjell, vil du kunne sjå brua. Etter at du har kome deg over Stavsete, må du opp litt for å kome over Bleiehaug, under Kaldekletten. Frå Nyastølen kjem du ned att til utgongspunktet for turen.

Når ein først har kryssa elva Stavseta, vil det vere mogleg å koma seg opp på Kaldekletten og følgje Friksdaleggi opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Her når du 1.543 moh på Skarholten, som ligg til vest for Myrdals- og Voggebreen. Vil du høgare skal det vere mogleg å gå frå Skarholten mot den gamle 3-punktgrensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger, frå den tida Fjærland høyrde til Balestrand. Her vil du stå på det høgaste punktet i gamle Leikanger kommune på 1.604 moh, nesten 300 høgdemeter over Kjeringafjell.

Turen til Stavsete er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Stavsete

Tur: Nyastølen

Nyastølen er den første stølen du kan kome til etter å følgt vegen på Huke-sida nesten til endes. Etter kraftverkbygginga er det grei grusvegstandard i Huksdalen. Dei fleste type bilar skal kunne kome seg fram. Over elva, i aust, ser du nordlegaste ryggen av Kjeringafjell. Ved foten ligg Nyastølen. Opp dit er det ein tur som tilsvarar turen frå sentrumsplassen Borgaren til Syril stadion.

Du kryssar over brua og følgjer vegen som stig kraftig oppover lia, forbi eit par bekkeinntak til kraftverket. Vegen stig kraftig i starten. Det er viktig å ikkje gå for hardt ut. Når vegen svingar til høgre, vert stigninga etter kvart redusert. Før neste sving passerer du tregrensa og kan lett speide ut over dalen og ned til fjorden. Det er berre att eit par hundre meter att før du står på stølsbøen.

Bak ruvar Kjeringafjell og bak til venstre (nordaustleg) retning stig Kaldekletten. Mellom desse ligg Eitrebotn som du kan følgje inn og i enden gå i sørleg retning opp på Kjeringafjell. Eg trur det skal gå rimeleg greitt å gå rett opp sida på Kjeringafjell for å kome opp på vestre del. Det er bratt sidan ein må forsere meir enn 600 høgdemeter på relativ kort distanse. Ein vil nok merke det i beina. Det kan vere like greitt å ta nedturen via Eitrebotn etterpå.

Snur du ryggen til Kjeringafjell og ser i vestleg retning vil du sjå øvre del av Gildal. I enden ser du austre del av ryggen til Hest. Vender du gradvis mot nord ser du Sauaholten og vidare nordspissen på Stav og Stavafjellet. Under ligg Stavsete, litt høgare enn Nyastølen. Eit rundtur i Huksdalen utan for mange høgdemeter er å gå vidare nordover under Bleiehaug, ryggen som går opp til Kaldekletten, i retning Stavsete og følgje dalen heim att frå Stavsete.

Eit anna alternativ til dei som vil opp i høgda er å gå opp på Kaldekletten og følgje Friksdaleggi opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Her når du 1.504 moh på Skarholten, som ligg til vest for Myrdalsbreen. Vil du høgare skal det vere mogleg å gå nordover frå Skarholten mot den gamle 3-punktgrensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger, frå den tida Fjærland høyrde til Balestrand. Her vil du stå på det høgaste punktet i Leikanger kommune på 1.604 moh, eller nesten 300 høgdemeter over Kjeringafjell.

Turen til Nyastølen er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Nyastølen
nyatølen_wide

Tur: Huksdalen

Huksdalen ligg vest om tettstadane Hermansverk og Leikanger på vegen mot ferjekaien på Hella. Dalen har to namn. På austsida av elva heiter han Huksdalen og startar under Huke. På vestsida heiter den Grindsdalen og går frå Grinde. Du kan kome deg fram dalen frå begge sidene, men å kome seg frå Grinde er vanskelegare enn frå Huke.

I 2022 er det god grusveg frå Huke-sida. Vær merksam på at det er ein bomveg for bilar. Rett etter det siste bruket står det kamera som registrerer skilnummeret på bilen. Herifrå er det ca 6 km fram til enden av den opne vegen og parkeringsplassen.

Framme ved enden parkeringsplassen er det ca 15 minutt opp til Nyastølen med Kjeringafjell kneisande bak. Rett nordover er det 30 minutt fram til stølen Stavsete. Du følgjer for det meste ein privat grusveg fram til Stavsete. Mellom Nyastølen og Stavsete er det flotte, opne turområder utan store stigningar. Eller kva med å ta turen nordover, forbi Stavsete mot Skar og kanskje Øvre Rommedal?

For dei som ønskjer å kome opp i høgda er det fritt val både i aust og vest med Kjeringafjell, Kaldkletten, Svindalseggi, jamvel Friksdalseggi og Myrdalsbreen eller for den del gå opp Stavafjellet og til nordspissen på Stav. Frå der kan du gjerne gå over til sørspissen og gå ned Troeggi mot Vassvarden for å enda opp på Hella ferjekai.

Huksdalen har eit par ess opp i ermet. Ved å køyre heilt fram kan du gå den kortaste turen til Kjeringafjell. Du går opp til Nyastølen, inn Eitrebotn og svingar sørover, på bandet mellom Eitrebotn og Friksdal, opp på Kjeringafjell. Ved å starte på ca 700 moh, tilsvarande litt under Sevi eller på Kallbakk over Stokksete, vil dette vere ein mindre slitsam tur enn frå Henjadalen eller Kleppa.

Eit anna ess er at ein kan følgje traktorvegen opp Gildalen og halde fram mot Hest. Du vinn nokre hundre høgdemeter i forhold til Engjasete og du sparar ein del kilometer. Totalt sett blir turen til Hest lettare.

Tur: Trastadalen

Trastadalen er ein liten dal heilt nord i Leikanger kommune. Vatnet ligg på ca 1.000 moh. I aust og nord går grensa til Sogndal over toppane på Blåfjell, Nonsholten og Synnevaskjer på 1.380 – 1.540 moh. Nordom ligg Gunvordalen som endar ut ved Dalavatnet i Sogndalsdalen.

Frå Leikanger er den enklaste tilkomsten å gå fram Henjadalen over Traståna og opp til Åsenosi. Frå stadion er det omlag 11 km til Åsenosi, frå det gamle vassinntaket omlag 9 km. For å kome til det største og innerste vatnet i Trastadalen må du gå omlag 1,5 kilometer til. Det er med andre ord ein lang tur. Å ha ein sykkel ståande ved vassinntaket ved Traståna er ikkje å forakte.

Frå Åsenosi går du i nordaustleg retning. Du snur ryggen til inngangspartiet på hytta og går slakt oppover ryggen på Åsenosi. Stien er lett å gå og rimeleg tydeleg. Etter litt kjem du opp slik at du ser bort på det heimste Trastadalsvatnet. Ved vatnet ligg hytta til jakt og fiskelaget som ein kan leige. Det største vatnet ligg derimot litt lenger inne i dalen. Du følgjer berre stien inn skaret, der elva renn ut. Etter litt vil du sjå demningen i enden av det fremste vatnet.

Vel framme er det verd å legge merke til at det er svært lite småbusker og vekster som kransar det. Vatnet er krystallklårt. Sit du i ro, ved munninga, skal det ikkje vere umogleg å sjå aurekjøer mot den lyse bergbotnen. Går du rett vest skal det vere mogleg å gå ned i Myrdalen. Der er det tre vatn som får tilførsel frå Myrdalsbreen i Leikanger kommune.

Historiske videoar frå før kraftutbygginga

Turen til fremste Trastadalen er delt i fleire deler:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Åsenosi
  3. Åsenosi til Trastadalen

Dammen i Trastadalsvatnet har vorte oppgradert.

Tur: Åsenosi

Åsenosi er ryggen inst i Henjadalen som skil Myrdalen frå Trastadalen. Vatna i begge dalane er gode fiskevatn. Følgjer du ryggen til topps endar du på Synnevaskjer, som ligg over Gunvordalen. Denne dalen endar ut ved den siste garden på vestsida av Dalavatnet på vegen mot Fjærland frå Sogndal.

Følg den nye grusvegen heilt til vassinntaket i Traståna. Kryss Traståna og gå inn på fyllinga til venstre for vassinntaket. Du vil finne stien til Åsenosi og Trastadalen i kanten av denne. Sjå etter ein stor stein/lite berg. Stien held fram sikk sakk gjennom skogen, oppover mot Åsenosi. Han er rimeleg grei å følgje, men det er nokre parti der ormegraset skjuler han. Det skapar litt utfordringar både med å sjå han, men helst med at ein ikkje greier å sjå heilt kva ein trakkar på. Ver difor forsiktig gjennom slike deler. Ein kan lett kome til å vrikke foten.

Gradvis går du opp mot tregrensa og etter kvart som du nærmar deg Åsenosi blir det litt opnare og du kan sjå inn mot Slettabotnen som ligg under kanten til Myrdalen. Tregrensa går like under hytta på Åsenosi. Frå hytta har du utsikt ut Henjadalen mot Flya og elles Nyastøl og Friksdalen. På austida av Henjadalen ser du over haugane heim mot Pipehaug, til Lusaskard og Skriki i horisonten.

Historiske videoar frå før kraftutbygginga

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Turen er delt i to deler. I 2023 følgjer du grusveg til Traståna, dvs. elva du ser på det ca. 30 siste bilete. Du vil sjå restane av trebrua (to tre med kappa plankar på tvers) framme ved bekkainntaket:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Åsenosi