Lyst på halv million i avgiftslette?

Noreg har særavgifter på bilar. Det er tre faktorar som ligg til grunn for desse:

  • Vekt
  • CO2
  • NOx

I tillegg kjem 25% meirverdiavgift som blir rekna av importpris + påslaga frå importør og forhandlar ut til deg som kunde.

Heilelektriske bilar har i dag ingen avgifter, ikkje ein gong ordinær meirverdiavgift som blir lagt på all omsetning, med mindre det er unnateke i regelverket. La oss sjå litt på utsalsprisen for ein heilelektrisk bil om den skulle blitt handsama som ein bil på fossilt drivstoff.

Heilelektriske bilar slepper ikkje ut CO2 eller NOx når dei køyrer. Dei to særavgiftene vel eg å halde borte frå reknestykke. Vektavgift er noko eg ikkje kan argumentere vekk. Avgifta er bruksuavhengig og er ei rein fiskal avgift som skal gi pengar i statskassa. Ein heilelektrisk bil må handsamast likeeins med andre bilar pålagt avgifta.

La oss ta utgangspunkt i ein bil som har ein pris inn til landet på kr 500 000. Importør og forhandlar skal tene pengar og må ha sine påslag. Eg har lagt til grunn at dei to ledda legg på kr 100 000, men eg kan ikkje sjå bort ifrå at det kan vere høgare. Heilelektriske bilar er tunge og eg har lagt til grunn ei vekt på 2500 kg. Bilen BYD Tang veg omlag dette. Utsalspris i dag på BYD Tang startar på kr 600 000 utan avgifter.

Importpris500 000,00
Vektavgift2500 kg295 817,00
PåslagImportør+forhandlar100 000,00
Mva25% på importpris+påslag150 000,00
Sum1 045 817,00
Pris i dag600 000,00
SubsidiarAvgiftslette445 817,00

Utan dagens avgiftslette ville ein bil som BYD Tang kosta deg godt over kr 1 000 000.

Deja vu, syklistar

For 11 månadar gjekk eg lei den generelle haldninga til syklistar og bruk av lys. Eg skreiv eit lite innlegg der eg sa klart ifrå kva eg meiner om dette tullet.

I dag, på veg til arbeid, møtte eg 5 syklistar. Alle, som ein, hadde ikkje lys på syklane sine. Det var ikkje ungar, men vaksne på veg til arbeid på Nav, Vegkontoret eller dei andre kontora på Hermansverk. Godt utdanna folk, som burde gå føre som eit godt eksempel.

Som eg sa ifjor: Alle skal ta omsyn til syklistar, dei drit i alt!

Mer er mindre

Eg har lagt merke til at det har vorte litt meir lading i sommar på den lokale Mer-stasjonen. I går var det ein artikkel i lokalavisa om at det var problem med ladestasjonen til Mer i Sogndal, og at det hadde vore det ei stund. For underhaldninga si skuld sjekka eg ladekartet til Mer. På stadar nær meg som Hermansverk, Sogndal og Skei i Jølster har det vore problem med ladestasjonane i lang tid:

Ved Thon Hotel Jølster har ein ladestaasjon vore delvis defekt i 2 – to – månadar. Dette er for dårleg, Mer.

  • Når har de sett ei bensin- eller dieselpumpe ute av drift i meir enn nokre dagar?

Skulle tru at Mer ikkje tok elektrifiseringa av Norge på alvor. Minner òg sterkt om haldninga at det er fint å opne eller lansere nye ting, men vedlikehald i etterkant har ikkje vore i våre tankar. Kan også nemne at stasjonane støttar maksimalt 50 kW lading, som er så 2015.

Når eg kjøper elektrisk bil ein gong i framtida, forventar eg at når det oppstår ein feil på ein ladestasjon, blir det ordna innan to arbeidsdagar.

Alle skal ta omsyn til syklistar, dei drit i alt!

Dette er vellagra frustrasjon som fekk sin katalyst i kveld. Eg køyrde heimanfrå og var akkurat starta heimover Gjerde. Eg registrerte ein velkledd joggar med refleksvest 100 meter lenger framme, sjølv om gatelysa langs vegen var delvis av. På mi side, i mørket, utanfor mine nærlys var det eit eller anna avvik i mørket eg registrerte. Eg kan ikkje peike på akkurat kva det var som ikkje passa, men noko stemde ikkje. Eg slo på lyshornet for å lyse opp. Og der, kom ein velvaksen person, på sykkel utan lys eller nokon form for refleks, på feil side av vegen, rett i mot meg. Eg svinga ut, men kunne ikkje dy meg i å ta eit par trykk på bilhornet.

Det er ikkje første gong eg ser syklistar som drit i alt. No når det er mørkt, er det lett å plukke ut dei som legg alt for stor tillit til at vi bak rattet har ei overnaturleg evne til å sjå i mørket. Hadde det berre vore ein sporadisk unge, som ikkje hadde greidd å slå på lyktene på sykkelen, skulle eg ikkje skrive noko. Nei, her er det vaksne og foreldre som sviktar over heile fjøla. Det verste av alt er at dei som arbeidar med veg, anten på Vegkontoret eller Fylkeskommunen, ikkje går føre med noko godt eksempel. Eg har fleire gonger møtt mørklagde syklar med ryttarar frå vegstyresmaktene oppå. Plakatane med Vis hensyn og ein syklist langs vegane har ein sur bismak hos meg.

Til alle foreldre ber eg innstendig om at de syt for at sykkelen til poden får lys både framme og bak. Har de råd til å kjøpe elsyklar til kr 30 000 til avkommet, kan de bla opp nokre hundrelappar til lykter framme og bak for å sikre at dei veks opp.

Eg manglar overnaturlege evner. Sit eg bak rattet på 1,5 tonn med bil veit eg kven som tapar. Joggar eg etter vegane blir det nok mest vondt for meg….

Krav til lys og refleks på sykkel

Å ta ansvar må vere vanskeleg

I dag oppdaga eg at nokon hadde skrapa opp døra på passasjersida av bilen. Det er eit sår i lakken i eit område, 1 cm høgt og 2 cm langt, saman med ein svak bulk der døra som slo i stoppa. Dette må ha skjedd i løpet av siste veke. Som du skjønar av tittelen har det ikkje vorte lagt att lappe med kontaktinformasjon til syndaren. Eg har heller ikkje motteke nokon form for melding i fysisk eller elektronisk format.

Syndaren må vere virvallaus som ikkje kan ta ansvar for sine handlingar. Ja, vedkommande ville merka dette. Dette er ikkje har ikkje vore ein liten kontakt med døra på bilen min. Syndaren har nok sett resultatet av uhellet og feiga ut. Det kan godt vere at vedkommande ikkje hadde papir, men skiltnummeret mitt er enkelt. Det hadde du hugsa. Ein SMS til vegvesenet si oppslagsteneste og du hadde hatt namnet mitt. Det er lett å finne meg. Det er ein – 1 – med mitt namn på 1881, meg.

Eg har beina planta godt på jorda og kastar ikkje bort store summar på bil. Der eg er irritert, ville andre, med bilar rundt og over millionen, vore kraftig forbanna. Tenk på det neste gong. Eg veit om dei som fotograferer bilane som står ved sida bilen deira når dei parkerer. Er det merke på bilen når dei kjem tilbake, har dei noko til å finne syndaren med. Når du då sit i saksa, slepp ikkje denne typen så lett. I versta fall kan du sanke bonusar som tap av førarrett for ein periode og/eller ei bot og skramme på rullebladet.

Eg vaska skadeområdet godt, for betre vurdere skada og om eg kunne gjere noko. Første forsøk var å polere lakksåra eit par gonger, som virka til å fungere rimeleg bra. Eg får følgje med utover våren. Om det ikkje er nok, kan det vere aktuelt å gå på med rubbing med påfølgjande polering. Det eg ikkje får bort, er den svake bulken. Det er ikkje lett å fotografere eit svart, polert område, men du ser brytinga i speglbilete av bilen som står attmed.

dørbulk

Imponerande

Eg måtte ein tur til Bergen denne veka. For å vere litt fleksibel og kunne gjere nokre ærend rundt i byen, valde eg å ta bilen. Eg køyrer diesel, ja. Noko anna var ikkje aktuelt med krava til storleiken til kupeen til bilen når eg bytte for snart 4 år sidan. 5 vaksne skal sitja godt, utan kompromiss. Valet var enkelt: Skoda Superb.

Turen min gjekk frå Hermansverk, over Vikafjellet og inn til Bergen på E16. I Bergen vart det noko småkøyring før eg returnerte. Bilen stod aldri så lenge i ro at snittmålinga starta på nytt. På E16 er ein så godt som låst til å følgje flyten, men opp Vikafjellet kan ein alltid trø til litt. Her la eg nok att eit par ekstra desiliter på snittforbruket. Med forsiktig fot over fjellet skulle eg nok greidd å dra forbruket nærare 0,4 liter på mila.

Eg bør legge til at no er det vinterdiesel på pumpene, som har litt mindre energi. Ein varm dag med sommardiesel og forsiktig fot, burde det vore mogleg å dra forbruket ned på 0,4 eller kanskje 0,39. Skulle likt å sjå ein hybrid gjere same turen utan ladestopp med same forbruket…
bergentur

PS! Etter 80 mil har eg framleis att 1/4 tank….

Kan legge til at eg dagen etter fylte 45,9 liter etter 804 kilometer. Noko over 300 km var køyring i lokalområdet, resten turen til Bergen. Snittforbruket totalt blir 0,57 liter pr mil.

Opel Antara lyshack

antara_hack

Køyrer av og til rundt i ein 2009-modell Opel Antara. I forhold til andre bilar eg har køyrt har Opel eller EU lagt inn ei «felle» for oss nordmenn. Auto-innstillinga er avhengig av lysnivået. Er det dagslys, vil ikkje lyset på Opelen kome på. Van som eg er med bilar med automatisk køyrelys, byrja dette å irritere meg.

Ei løysing ville vore å be verkstaden kople om, men slik vil kosta litt. Ei anna løysing var å lokalisere lysfølaren og dekke han til. Etter å studert dasjbordet nokre gonger, fekk eg mistanken til ei lita halvkule som stikk opp på midtkonsollen. Eg leitte fram svart tape i verktøykassen og dekka ho med nokre små lappar.

Trikset med tape fungerte aldeles glimrande. Sidan lysfølaren no er dekka til og angir mørke heile tida, virkar auto-innstillinga slik eg vil at ho skal virke og ikkje korleis Opel eller EU vil. Til høgre ser du bilete av hacken.