Skitur: Rindabotn til Kvålen om Høgehaug

Å gå frå Rindabotn til Leikanger ein vintersdag er ei flott oppleving. Når sola varmar og det er påskeføre, kan ein ikkje klage. Til turen treng du tur- eller fjellski. Å gå med løypeski vil eg frarå. 1/3 av turen vil gå utanfor trakka løype. Ski med kortfeller har eit greit kompromiss mellom feste og gli.

Du startar ved trekkhytta i Rindabotn og følgjer trakka løype for runden om Høgehaug, Sumhaug, Fjærlandssete og Jarbruvotni. Sidan du skal til Høgehaug på 980 moh, følgjer du den trakka løypa vest/sørvestover opp til det høgste punkte. Frå Rindabotn er det ca 5 km opp til Høgehaug og stigning heile vegen.

På Høgehaug vil du i nord sjå inn i Trastadalen, vestover mot Myrdalen og Myrdalsbreen. På nordsida av Friksdalen ser du Sovlsetfjellet og ellers langt inn i Friksdalen. Du skimtar også Skarholten på 1540 moh vest for Voggebreen. Du ser Kaldekletten på 1360 moh samt Friksdalseggi, i enden av Friksdalen, der han svingar inn mot Vogga. Kjeringafjell på 1314 moh og heile ryggen heim og ned mot Kjeringasteinen sør om Kaldekletten. Du skimtar Fagreggi på 1004 moh samt Okslahaugane over Aoreveitane og Stokksete. I sør røyser både Lusaskard og Skriki seg mot himmelen med sine 1004 moh og 1227 moh. Under deg ser du Fjærlandssetevatnet med Sumhaug i vest, ved utløpet mot Henjadalen. Aust for vatnet ser du sæla på Fjærlandssete samt heimover mot Øvstedalen.

Frå Høgehaug sigler du ned ca 200 høgdemeter til Sumhaug. Løypa går austom Pipehaueg og Hovden samt Lomavatnet og Hovdavatnet. Nede på Sumhaug kryssar du utløpet av Fjærlandssetevatnet på solid snøbru. Når brua ber ei trakkemaskin, treng du ikkje vere uroa for vekta di. Du følgjer trakka løypa ca 2 km langs Fjærlandssetevatnet, austover mot Fjærlandssete. På vegen passerer du Kringlevatnet før du endar opp ved skilta, som står litt sør for sælbøen på Fjærlandssete.

På ein helgedag kan du følgje trakka løype sørover mot Øvstedalen, forbi Kalvavatnet og ned til der Kløvjavegen kjem i hop med stien/løypa frå Øvstedalen, litt over Furusete. Du ser starten i det siste bilete, den slake ryggen må du over/rundt for koma inn på Kløvjavegen. Du får ei lita oppstigning før du skråsigler ned mot området bak Geitadalen.

Eg saknar trakkemaskina til Per Steinar Melås. Ho var til stor hjelp når ein skulle over til Njøsadalen. Løypa var lagt i kløfta i det nest siste bilete, før den svinga nordover inn i løypa frå Øvstedalen. I dag er alternativet å følgje scooterspor her. På tidspunktet eg gjekk turen, var det ikkje køyrt. Følgjer du scootersporet, krev det at du må ta fleire høgdemeter. Du kjem høgare opp i Seltuftebotn og må over ryggen i bilete for å sigle ned på flatene over Geitadalen. Alternativt kan du ta deg ned til Hottadalen og ned Strupen til Geitadalen.

Frå Geitadalen følgjer du scooterspor ut Njøsadalen. Desse er smale og vanskelege å ploge i. I tillegg er det lett å få ski i lås i sporet etter styreskiene på scooteren. I dei brattaste partia kan det vere lurt å ta av seg skia eller sigle med feller på skia ut dalen. Rundt påsketider må du rekne med å minsta gå frå Dalsete, over Pyttane. Det kan vere lurt å ha eit par jogge-/tursko i sekken for å sleppe å slite ut sålen og bindingsfeste på skiskoa.

Skitur: Rindabotn til Kvålen om Jarbruene

Å gå frå Rindabotn til Leikanger ein vintersdag er ei flott oppleving. Når sola varmar og det er påskeføre, kan ein ikkje klage. Til turen treng du tur- eller fjellski. Å gå med løypeski vil eg frarå. 1/2 til 1/3 av turen vil gå utanfor trakka løype. Ski med kortfeller har eit greit kompromiss mellom feste og gli.

Du startar ved trekkhytta i Rindabotn og følgjer trakka løype for runden om Høgehaug, Sumhaug, Fjærlandssete og Jarbruvotni. Nokre hunder meter etter raude kross-boksen etter Stedjekamben, tek du av til venstre og får Helleberget i horisonten. Du følgjer trakka løype som svingar seg rundt og over Kollsetevatnet, langs Fagreggjevatnet for deretter å svinge over Jarbruvotni. Du endar ut litt over Fjærlandssete og sigler ned til skilta, som står like ved løypa.

På ein helgedag kan du følgje trakka løype sørover mot Øvstedalen, forbi Kalvavatnet og ned til der Kløvjavegen kjem i hop med stien/løypa frå Øvstedalen, litt over Furusete. Du ser starten i det siste bilete, den slake ryggen må du over/rundt for koma inn på Kløvjavegen. Du får ei lita oppstigning før du skråsigler ned mot området bak Geitadalen.

Eg saknar trakkemaskina til Per Steinar Melås. Ho var til stor hjelp når ein skulle over til Njøsadalen. Løypa var lagt i kløfta i det nest siste bilete, før den svinga nordover inn i løypa frå Øvstedalen. I dag er alternativet å følgje scooterspor her. På tidspunktet eg gjekk turen, var det ikkje køyrt. Følgjer du scootersporet, krev det at du må ta fleire høgdemeter. Du kjem høgare opp i Seltuftebotn og må over ryggen i bilete for å sigle ned på flatene over Geitadalen. Alternativt kan du ta deg ned til Hottadalen og ned Strupen til Geitadalen.

Frå Geitadalen følgjer du scooterspor ut Njøsadalen. Desse er smale og vanskelege å ploge i. I tillegg er det lett å få ski i lås i sporet etter styreskiene på scooteren. I dei brattaste partia kan det vere lurt å ta av seg skia eller sigle med feller på skia ut dalen. Rundt påsketider må du rekne med å gå frå Dalsete, over Pyttane. Det kan vere lurt å ha eit par jogge-/tursko i sekken for å sleppe å slite ut sålen og bindingsfeste på skiskoa.

Alternativ bruk av slepetau

Som mange andre har eg alltid hatt liggande slepetau i bilen. Det er svært sjeldan eg har fått bruk for det. Siste gong var ein snørik vinter for nokre år sidan. Eg måtte dra laus ein bil som hadde køyrt seg fast i grøfta/brøytekanten i Kleppavegen.

I går, fredag 11.02.22, var det siste dagen på ei stund med sol og fint ver. Eg tok turen til Kleppa for å gå ein tur mot Kalbakk. Medan eg sette kortfellene på skia høyrde eg sukk og ein lett oppgitt person ved nabobilen. Bandet til hunden låg att heime, gløymt. Å returnere heim for å kome tilbake stod ikkje høgt på lista.

Vedkomande spurde om eg hadde noko tau, men det einaste eg hadde var eit slepetau for bil. Sidan det ikkje var nokon andre i nærleiken som kunne hjelpe, henta eg det fram. Det er litt i grovaste laget og er noko tyngre enn eit hundband, men hunden var ikkje av dei små typane. Hundeeigaren klipsa den eine kroken på hunden og den andre i beltet på rumpetaska. Skituren kunne halde fram som planlagt.

Aketur: Eivaldgjerdemyri

Jula 2021 har hatt ein del gode dagar. Eg går mykje i Njøsadalen og registrerer at vaksne og ungar har teke med seg snøkjelken. I djup snø går ikkje slike alt for godt. Du treng god unnabakke. Det har vorte litt mindre snølag dei siste vekene og bil og traktorspor har kome til. I desse går snøkjelken betre.

Eg henta fram ein snøkjelke og gjekk inn dalen. På veg inn dalen tenkte eg på kva som kunne vere optimal start, Den kortaste alternativet eg hadde i tankane var å starte over Galdagrindi, ca 2 km inn dalen, der vegen flatar ut like før brua over til den gamle stien opp til Skagasete.

Eg valde å gå vidare og ved krysset mellom vegen frå Skagasete og Geitadalen, og valde å halde fram inn Geitadalen. Her gjekk eg ca 1/2 km til der vegen flatar ut, nokre hundre meter før Eivaldgjeremyri. Bilete under er for 2 år sidan og har noko meir snø enn i dag. Starten gjekk ved steinen du ser til høgre, ved vegen.

Like før eg starta kom det framover dalen ein snøscooter. Det var til stor hjelp sidan snøkjelken går betre på trakka snø. Eg greidde å kome lenger ut på nokre av dei litt meir flate partia nedover dalen. Det var vel berre knappe 50 meter etter Blomhola eg måtte hjelpe til.

Like etter Blomhola kjem du til det første partiet der du bør ta det litt med ro. Det er den bratte, feildoserte svingen ned mot Galdagrindi. For høg fart, gjerne i kombinasjon med litt isete underlag og du kan kome til å smake på bergveggen. Neste parti der du må ta det med ro vil vere nede i Vetlagjerdet. Like etter du passerer den gamle løa og starten på stien opp mot Åsen til Fadnastølen, skal du gjennom ein nesten 90 graders sving for å kryssa elva. Å køyre av brua og enda i elva ein iskald vinterdag er ikkje fristande for dei fleste.

Eg hadde ikkje med GoProen på aketuren, men her får du oversikt over den litt over 3 kilometer lange aketuren ut dalen:

Tur: Smørkletten om Stokksete og Kallbakk

Distansen frå Kleppa til Smørkletten er fin for ein tur som ikkje tek for lang tid. Høgdeforskjell og stigninga er heller ikkje så verst. Eg har tidligare skrive om «2,5» alternativ for å kome dit:

  1. Etter linetrasseen (frå aust)
  2. Opp Hammarskar (frå vest) som også viser ein kortare versjon

Vil du ta eit lengre alternativ til Smørkletten, kan du gå opp på Øvstestølen og følgje skiløypa mot Stokksete. Ved skilta går følgjer du stien nordover som slynger seg opp mot Kallbakk. Du tek det meste av høgdemeterane og har fleire fine utsiktspunkt på turen opp.

Frå Kallbakk følgjer du vestover sti mellom myrene ut mot Smørkletten. Du følgjer sti mot Eggja. Når du nærmar deg dei doble mastene, kan du velje to alternativ for å kome opp på toppen – austsida eller vestsida:

Austsida

Like før eg kjem til dei doble mastene, knekker eg av mot den siste masta, søraust for dei. Frå masta skråar eg i sørvestleg retning til eg kjem til stien som tek deg opp på austsida av Smørkletten. Oppkomen rundar du først vestover og så sørover, i ytterkanten av myra, til du er komen til den sørvestlege toppen og kan ta inn utsikta.

Vestsida

For å gå opp på vestsida følgjer du berre stien mot Eggja vidare, forbi dei doble mastene, bak og forbi Smørkletten til du kjem til skiltet som peikar opp mot Smørkletten. Herifrå er det eit lite oppstig og du er på den sørvestlege toppen og kan ta inn utsikta.

Tur: Stokksete-Okslahaugane-Fagreggi-Skarseggene-Smørkletten-Hammarskar

Å gå fram og tilbake frå ein stad er greitt ei stund, men når ein har vandra rundt i området i årevis er kombinasjonar av turar fin variasjon. Denne turen er på 14 km, men gjer du eit anna val enn meg på Smørkletten, blir den 15 km.

I videoen følgjer eg stien opp slalombakken til Øvstestølen og skiløypa til Stokksete. Her går eg rett bort til stølsområdet. Ved den øvre hytta går eg inn på stien som tek meg opp til Aoreveitane. Der kryssar eg myr og bekk og følgjer stien gjennom skogen opp mot Okslahaugane.

Stien forsvinn over tregrensa, men du har Fagreggi i vest og skal berre runde ei større myr på vegen opp. I sepetember 2020 kunne eg berre gått rett over. Myra er så god som tørr. Etter myra skråar eg oppover mot varden på Fagreggi, som er høgste punkt på ca 1000 moh.

Frå Fagreggi jobbar eg meg ned til stien til Discohola og Kjeringafjell. Den følgjer eg ned til ryggen på øvre Skarseggene og går vestover, til endes på ryggen. Frå Skarseggene går eg ned langs vatna og nedover mot lia, bak Smørkletten. Eit stykke nedi vil du få auge på skiltet som peikar til Smørkletten. Gå mot skiltet og kom inn på stien som følgjer opp til varden på den sørlege toppen. Eit anna år vil du nok runde meir rundt myrene her, men hausten 2020 er det berre å gå rett på.

Frå Smørkletten skjer eg nedover lia og over myrene vestom Smørkletten. Om du vel å gå tilbake til skiltet og følgje stien derifra, blir turen 15 km. I enden kjem eg inn på stien som går ned Hammarskar. I stiskilje nedi skogen tek eg til venstre for å ikkje enda opp nede på Eggja. Ute av skogen følgjer du den nye linetrasseen tilbake til vegen under den. Det går ikkje så mykje folk her. Graset er høgt og skjuler avkappa greiner og liknande. Vær obs på du kan kome til å hekte i noko i graset. Når du er tilbake på veg, går det greitt tilbake til Kleppa.

Tur: Skarseggene

Skarseggene er område som ligg vest om Rjupeskar. Vanlegvis tek eg meg til toppen av øvre Skarseggene gjennom Rjupeskar ved å følgje stien mot Kjeringafjell. I dette alternativet følgjer du stien til Stokksete til der du kan ta av mot Smørkletten.

Følg stien langs linene til du kjem til skiltet som peikar mot Smørkletten og Eggja. Her skal du følgje vidare lina til du kjem til to master side ved side. Her bryt du av og siktar deg nordover. Kryss nokre myrer og jobb deg oppover Skarseggene. Ikkje sikt på høgste toppen du ser, kom deg opp litt vestom den. Dyretrakk kryssar att og fram under Skarseggene. Ingen av desse vil ta deg dit du skal.

Oppkomen lia til platået med nokre vatn, held du til aust/høgre for dei. Når du passerer det første vatnet, vil du sjå øvre Skarseggene, der turposten til Syril står. Ved det siste vatnet byrjar siste stigninga og dei siste 60 høgdemeterane før du er oppe.

Terrenget er enkelt å gå i med 2/3 på sti og resten i gras, myr og lyng. Utanom stien kan det vere lurt å halde auge etter grøfter, hol og ujamnheiter i bakken. Sjølv går eg i fjelljoggesko sidan tusenvis av kilometer i slikt terreng har styrka anklane mine. Rådet mitt er at det kan vere lurt å ha sko med støtte for ankelen for terrenget utanom sti. Det er opp til 5 km tilbake til Kleppa om uhellet skulle vere ute.

Tur: Eitorn til Kluke

Start i Eitorn, eit par kilometer frå Hella ferjekai. Følg kjerrevegen mot Eitun. Fleire av bygningane på Eitun kollapsar. Det kan vere lurt å lytte og følgje med når du går gjennom tunet. På andre sida går du inn på stien som tek deg oppover forbi dei gamle husmannsplassane: Bustadstykkje og Trodlahaugen.

Like over Trodlahaugen følgjer du stien oppover til Myrsete. Heile turen til Myrsete er bratt. Frå du står i vegen i Eitorn til du er oppe, skal du gjere unna nesten 600 høgdemeter. Utsikt er avgrensa, men eit stykke oppi kjem du til eit berg med benkar med utsikt over Eitorn og Vestrheim.

Det er framleis eit stykke til du er på Myrsete, men du veit du nærmar deg når du byrjar å høyre elva. Oppe på Myrsete er det utsikt ut over fjorden. Ta inn inntrykket før du snur deg nordover og held fram, inn Kvinnedalen. Denne delen er langt slakare. Mellom Myrsete og Nyanstøl er det berre snakk om nesten 200 høgdemeter.

Like etter Myrsete får du ein liten pause frå skogen i linjetrasseen. I aust tronar både Mælen og Hest. I vest ser du Storholten og Vassvarden. Du held fram inn i skogen, men får like etterpå utsikt over stølsområdet Kluke. Området gir deg utsikt over fjorden, Vangsnes, Vik og Balestrand og du kan følgje med på båt- og ferjetrafikken i området.

Tur: Eitorn til Myrsete

Start i Eitorn, eit par kilometer frå Hella ferjekai. Følg kjerrevegen mot Eitun. Fleire av bygningane på Eitun kollapsar. Det kan vere lurt å lytte og følgje med når du går gjennom tunet. På andre sida går du inn på stien som tek deg oppover forbi dei gamle husmannsplassane: Bustadstykkje og Trodlahaugen.

Like over Trodlahaugen følgjer du stien oppover til Myrsete. Heile turen til Myrsete er bratt. Frå du står i vegen i Eitorn til du er oppe, skal du gjere unna nesten 600 høgdemeter. Utsikt er avgrensa, men eit stykke oppi kjem du til eit berg med benkar med utsikt over Eitorn og Vestrheim.

Det er framleis eit stykke til du er på Myrsete, men du veit du nærmar deg når du byrjar å høyre elva. Oppe på Myrsete er det utsikt ut over fjorden og du kan følgje med på båt- og ferjetrafikken.

Tur: Eitorn til Vassvarden om Nyanstøl

Start i Eitorn, eit par kilometer frå Hella ferjekai. Følg kjerrevegen mot Eitun. Fleire av bygningane på Eitun kollapsar. Det kan vere lurt å lytte og følgje med når du går gjennom tunet. På andre sida går du inn på stien som tek deg oppover forbi dei gamle husmannsplassane: Bustadstykkje og Trodlahaugen.

Like over Trodlahaugen følgjer du stien oppover til Myrsete. Heile turen til Myrsete er bratt. Frå du står i vegen i Eitorn til du er oppe, skal du gjere unna nesten 600 høgdemeter. Utsikt er avgrensa, men eit stykke oppi kjem du til eit berg med benkar med utsikt over Eitorn og Vestrheim.

Det er framleis eit stykke til du er på Myrsete, men du veit du nærmar deg når du byrjar å høyre elva. Oppe på Myrsete er det utsikt ut over fjorden. Ta inn inntrykket før du snur deg nordover og held fram, inn Kvinnedalen. Denne delen er langt slakare. Mellom Myrsete og Nyanstøl er det berre snakk om nesten 200 høgdemeter.

Like etter Myrsete får du ein liten pause frå skogen i linjetrasseen. I aust tronar både Mælen og Hest. I vest ser du Storholten og Vassvarden. Du held fram inn i skogen, men får like etterpå utsikt over stølsområdet Kluke.

Like før du kjem til Nyanstøl er du fri skogen. Ta ein pause, et nista di og fyll flaska frå elva som renn forbi på Nyanstøl. Vassvarden tronar i vest. Du ser varden og flymerke frå stølsområdet. Det er ca 250 høgdemeter opp dit. Det er berre å ta lia i små steg, so kjem du opp. Ta pausar for å nyte utsikta på vegen opp.

Den største fordelen med turen frå Eitorn er at du har tilgang til elva på Nyanstøl og kan etterfylle flaska både på turen opp og ned. Går du frå Sanden, må du bere med deg all drikke frå starten. Det kan bety ei litt tyngre bør enn frå Eitorn, men når det er sagt har turen frå Sanden opp via garden Ruud mykje finare utsikt.

PS! Det vil koma nye videoar seinare. Eg fekk ikkje med meg ei svetteperle som hamna på linsa litt før Myrsete og dannar eit tåkete parti midt i bilete.